Røldal Røde Kors
Vi har aktivitet innen Hjelpekorps og Beredskapsvakt.
- Adresse
- Runnane 22, 5760 RØLDAL
- Telefon
- 93443393
- E-post
- roldal_rkh@hotmail.com
- Leder
- Vibeke Kaalhaug
Beredskapsgiver i Røldal Røde Kors
Her i Røldal er det ikkje lenge mellom kvar gong vi opplever ein uønskt situasjon. Vi har alltid vore gode på å hjelpe kvarandre, både fordi vi vil og fordi det er slik vi er. Det er rett og slett heilt nødvendig når anna hjelp er langt unna. Røldal Røde Kors er ute på aksjon mange gonger i løpet av året. Nokre gonger hjelper vi enkeltpersonar, nokre gonger familiar og veneflokkar og andre gonger større grupper. Vår erfaring er at veldig mange gonger går det bra. Nokre gonger får situasjonen fatale konsekvensar, noko vi vil gjere alt vi kan for å hindre i framtida.
Blir du Røde Kors Beredskapsgiver i Røldal vil inntekta bli brukt til å rekruttera fleire til å verte frivillige i Røde Kors, vi vil gje alle meir og betre opplæring, sende folk på kurs omkring i landet og samla auke vår kompetanse på søk, redning og beredskap. Vi skal kjøpe inn meir og betre rednings- og beredskapsutstyr og vi skal vere klar til å hjelpe når behovet oppstår.
Enten du er innbyggjar i Røldal, har hytte her eller besøker oss ofte håpar eg du vil støtte oss ved å bli Røde Kors Beredskapsgiver.
SMS TRYGG til 2272 og bidra med 100 kroner i månaden over mobilrekninga di. Pengane går til å gjere deg og dine tryggare.
Beste helsing
Vibeke Lynghammer
Leiar i Røldal Røde Kors