Gruppe på toppen av fjell. Vis bildetekst
Kjensla av å komme seg til topps er fantastisk. Her frå toppen av Svinestranda i fjor.

Til topps

21. juni inviterer Sogn og fjordane Røde Kors "heile verda" med på tur til Hodlekve i Sogndal med Britastein som mål.

Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur. Dette er den 7. utgåven av arrangementet og tidlegare har vi vore i BaIestrand, Jølster og Gloppen.

Målgruppa er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Det er ingen nedre aldersgrense, men ein bør være minimum 4 år for å klare å gå ein av turløypene på eigahand.
 

To alternativ 

Årets tur blir lagt til Hodlekve, Sogndal, den 21. juni.
For dei som ynskjer å gå i fjellet blir Britastein årets mål. Britastein ligg ca 1000 meter over havet og det er rundt 4.5 km å gå frå Sogndal skisenter. Like ved toppen finn ein Røde Kors si hytte og denne kan bli nytta ved dårleg vær. Det blir og lagt opp til ein kortare familievennleg tur på sti i nærområdet til skianlegget. Etter vi har vore på tur avsluttar vi dagen med eit felles måltid.

Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Kontakt di lokalforeining eller distriktskontoret.

gruppe på utsiktspunkt.
Svein Rune Myklebust (i midten) er frivillig lagleiar og har med seg ei gruppe deltakarar og frivillige frå Eid. Bilete er teke ved Fosseteateret i Trivselsskogen.

Frivillige lagleiarar

Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen.

På familierunda skal også frivillige bli med deltakarane, men det stillast mindre krav til tal deltakarar per lagleiar.

Oppgåvene til lagleiar:

  • Registrerer laget i sekretariat før avgang.
  • Halde turlaget samla under turen. 
  • Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
  • At turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar. 
  • At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende. 
  • Registrere laget i sekretariat ved retur.  
Kvinne sitter på benk ute.
Grethe Fisher er mangeårig turleiar i Sogndal Røde Kors.

Påmelding og organisering

Kvar lokalforeining/lokale turgruppe må ha ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar – ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors. Gruppeleiar har ansvar for at alle frivillige lagleiarar er budde til turen og held sitt turlag informert. 

Frist for påmelding

Dersom di lokalforening ynskjer å delta gje beskjed til Jon Thomsen på distriktskontoret: jon.langeland.thomsen@redcross.no.

Frist for gruppeleiar til å melde inn ynskte tal deltakarar er 1. juni.

Det er begrensa tal plassar, så etter påmeldingsfristen fordeler distriktskontoret plassane med utgangspunkt i innmelde ynskje, seinast 7. juni. Dersom det er stor interesse og venteliste, vil eitt av kriteria for tildeling av plass vere om ein har arrangert lokale turar i forkant av Til Topps-arrangementet. Les meir om lokale turar nederst.

12. juni er siste frist for å endre tal deltakarar. Ein vert då fakturert ut frå talet ein står registrert med 12. juni. Gruppeleiar har ansvaret for å ta inn eigenandel for sine deltakarar og å fylle opp dei tildelte plassane dersom det vert avbod/endring i deltakarlistene fram til avreise. Om gruppeleiar ser at ein ikkje får nytta plassane etter fristen, gjev vedkommande beskjed til distriktskontoret, då andre deltakarar gjerne står på venteliste.

Viktige datoar

1. juni 2025

Frist for lokale ledd å melde inn ynskje om tal deltakarar

7. juni 2025

Distriktskontoret tildeler plassar til lokale ledd

12. juni 2025

Frist for lokale ledd å sende inn oppdatert tal deltakarar

21. juli 2025

Til topps 2025!

Pris

Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar over 18 år, medan frivillige og born går gratis. Dette dekker:

  • Reise frå sentrale utfartsårer i fylket til turmålet med eigne turbussar.
  • Middagsservering etter fjellturen laurdag ettermiddag.
  • Heimreise med turbussar laurdag tidleg kveld.

Lokale øvingsturar

Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant. På denne måten kan ein òg lettare avklare om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur.

Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.). Distriktskontoret har nokre midlar til disposisjon ved behov.

For meir informasjon om Til topps eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med tilretteleggar ved distriktskontoret jon.langeland.thomsen@redcross.no, tlf. 482 48 184.

Filmar frå tidlegare Til Topps-turar: