Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur.
Målgruppa for arrangementet er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Det er ingen nedre aldersgrense, men ein bør være minimum 5 år for å klare å gå ein av turløypene på eigehand.
Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Kontakt di lokalforeining eller distriktskontoret.
Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen.
På familierunda skal også frivillige vere med deltakarane, men det stillast mindre krav til tal deltakarar per lagleiar.
Kvar lokalforeining/lokale turgruppe har ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar – ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors.
Oppgåvene til lagleiar:
Registrerer laget i sekretariat før avgang.
Halde turlaget samla under turen.
Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende.
Passe på at turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar.
Registrere laget i sekretariat ved retur.
Lokale øvingsturar
Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant. På denne måten kan ein òg lettare avklare om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur.
Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.). Distriktskontoret har nokre midlar til disposisjon ved behov.
Ynskjer du å vere deltakar på Til topps ta kontakt med di nærmaste lokalforeining. Lokalforeininga legg til rette for at du får vere med og koblar deg med ein lagleiar.
Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge.
Sjå liste over lokalforeiningane her:
Kvar lokalforeining/lokale turgruppe har ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar – ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors.
Klede og utstyr
Vêret i fjellet kan vere skiftande og det er viktig å ha gode sko og ei jakke som beskyttar mot regn og vind. Ein må ha med drikke og matpakke. Ein må også ha ein sekk å bere dette i. Lagleiar i turgruppa vil følge med på vêrmeldingar og gje informasjon om kva som trengs av klede, mat og utstyr.
Gruppeleiar vert oppfordra til å arrangere ein lokal øvingstur i forkant av Til topps.
Pris
Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar over 18 år, medan frivillige og born går gratis. Dette dekker:
Reise frå sentrale utfartsårer til turmålet med eigne turbussar.
Middagsservering (grillmat) etter fjellturen laurdag ettermiddag.
Heimreise med turbussar laurdag kveld.
Sjå videoen frå Til topps i 2023. Toppturen gjekk då frå Trivselsskogen til toppen av Svinestranda i Gloppen. Det var også lagt opp til ein tur for familiar gjennom Trivselsskogen.
Til topps 2024
Informasjon om Til topps 2024 kjem når det nærmar seg. Til topps brukar å vere arrangert i midten av juni og oftast på ein laurdag.
Grethe Fisher er mangeårig turleiar i Sogndal Røde Kors.
Reise og mat
Sogn og Fjordane Røde Kors leiger inn turbussar som skal frakte deltakarane til og frå. Informasjon om avreisestader og tidspunkt kjem.
Alle som deltek på turen må ha med seg mat og godt med drikke. Det vert matservering når ein kjem nedatt frå fjellet.
Pris
Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar over 18 år, medan frivillige og born går gratis. Dette dekker:
Reise frå sentrale utfartsårer til turmålet med eigne turbussar.
Middagsservering (grillmat) etter fjellturen laurdag ettermiddag.
Heimreise med turbussar laurdag kveld.
Lokale øvings-turar
Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant. Gruppeleiar vert oppfordra til å invitere til øvingstur.
Svein-Rune Myklebust er ein av dei frivillige lagleiardane som er med på Til topps.
- Den årvisse Til topps tykkjer eg er veldig kjekt. Det er mange som melder seg på og vil vere med, det må vere fordi det betyr noko for dei, seier Svein-Rune.
Spørsmål eller meir informasjon?
For meir informasjon om Til topps eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med tilretteleggar ved distriktskontoret jon.langeland.thomsen@redcross.no, tlf. 482 48 184.