Askvoll Røde Kors
Askvoll Røde Kors driv omsorgs-, rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte i lokalsamfunnet. Bli frivillig, så gjer vi Askvoll varmare og tryggare - saman.
- Adresse
- 6980 ASKVOLL
- Telefon
- 90730006
- E-post
- vigdis@nordei.de
- Leder
- Vigdis Løberg
- Nestleder
- Ingunn Nessen
Røde Kors har som føremål å avdekkje, hindre og lindre naud.
I Askvoll Røde Kors arbeider vi mot dette målet lokalt, gjennom beredskap, og ved å gje eit tilbod om sosial kontakt og medmenneskeleg hjelp og støtte. Askvoll Røde Kors har eit solid styre og følgjer opp handlingsplanen.
Kva betyr det i praksis?
Aktivitetar på Askvoll Omsorgssenter.
Askvoll Røde Kors Omsorg har eit godt samarbeid med bebuarar og tilsette på Askvoll Omsorgssenter. Frivillige har fleire gonger i månaden arrangement på Fellesstova med underhaldning, song og spel, diktlesing og dramatisering, litt å bite i med kaffe eller brus. I tillegg morar vi oss med utlodding der sal av årer er særleg populært. Apropos populært. Handletralla til Jorid og Aud F er eit kjært innslag.
Askvol Røde Kors stiller som frivillige på til dømes pubkveldar og basar. Sommarfesten er obligatorisk. I år samarbeidde vi og om «Verdens aktivitetsdag» og "Eldredagen» (Pensjonistlaget) og «Turmat frå mange land» (Barnas Turlag).
Tysdagstreffet.
Askvoll Røde Kors Omsorg samarbeider med Askvoll Omsorgssenter og Askvoll Frivilligsentral, slik at 3-6 frivillige kvar tysdag legg til rette for kaffi, vaflar/lappar og sosialt. Her møter mellom 15-35 personar frå omsorgssenteret og bustadene omkring.
Møteplassen har no vore aktiv over eit år. Dette er eit samarbeidsprosjekt der Askvoll Pensjonistlag og Askvoll Røde Kors har ein vert kvar. Der står det sosiale i fokus, men ein kan få digital hjelp til PC, mobil og nettbrett etter avtale.
Her har vore prøveprosjekt seks gonger med språkkafe med fokus på våre nye innbyggjarar frå Ukraina. Her lærte dei både språk, strikking, hekling og sying. 14.september 2023 startar Språkkafeen på Askvoll Bibliotek på torsdagar. Her vert og spel ein av aktivitetane.
Her er mykje spennande framover både samarbeid med bibliotek, Askvoll skule, Vaksenopplæringa og Ungdomsklubben. Vi held fram samarbeid med omsorgssenteret, helselag, saniteten og bygdekvinnene samt frivilligsentralen. Omsorg ønsker kurse fleire.
Askvoll Røde Kors sendte i år tre frivillige på «Ferie for alle» på Haugland. Du kan bli med neste år!
Hjelpekorpset.
Sidan hausten 2020 har vi jobba med etableringa av eit operativt hjelpekorps i Askvoll. No er talet 18 operative. Det er med stoltheit vi kan melde at Askvoll Røde Kors no har inngått ein beredskapsavtale med Askvoll Kommune, der det nye hjelpekorpset vårt spelar ein sentral rolle. Hjelpekorpset har alt vore med på aksjonar. Dei arrangerer jamnleg korpskveldar, der det mellom anna øvast på samband, førstehjelp og søk og redning. Dessutan er dei i ferd med å oppdatere alt utstyr og materiell. Nyleg har dei kjøpt inn vasskoter og hurtiggåande båt.
Hjelpekorpset samarbeider med kommunen om nytt depot og alle hjelpekorpsarane vil ha kontinuerleg tilbod om kurs og vidareutdanning.
For meir informasjon om Askvoll Røde Kors er du hjarteleg velkommen til å besøke Facebook-sida vår.
Som frivilleg kan du delta aktivt i Røde Kors sitt arbeid, og føle på gleda ved å hjelpe andre. Ikkje tid, seier du? Kva med eit medlemskap? Som medlem gjer du arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg som er under 26 år.
I oktober 2024 braker det laus med ein ny vervekonkurranse. Askvoll Røde Kors ønsker seg nye støttemedlemmar.
Blir du med? Registrer deg på www.rodekors.no/bli-medlem/ eller ta kontakt med
Askvoll Røde Kors, leiar Vigdis Løberg
E-post: vigdis.loberg@rodekors.org
Mobil: 90730006