Balestrand Røde Kors Hjelpekorps, sanitetsvakter på Balestrand opp Vis bildetekst
Balestrand Røde Kors Hjelpekorps stiller sanitetsvakt på Balestrand Opp. Foto: Balestrand Røde Kors.

Balestrand Røde Kors

Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte medmenneske i lokalsamfunnet. Bli med du òg, så gjer me Balestrand endå betre - saman.

Adresse
Balestrandvegen 13, 6899 BALESTRAND
Telefon
90794526
E-post
harald.offerdal@rodekors.org
Leder
Harald Offerdal
Nestleder
Sigrun Dale
Balestrand Røde Korps HK (2)
Hjelpekorpset på øving i måneskinn. Foto: Balestrand Røde Kors.

Røde Kors er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å avdekkje, hindre og lindre naud. I Balestrand Røde Kors tar me dette ned på lokalplan ved å forebygge og respondere for å redde liv, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk våre Facebook-sidar.

Her finn du Facebooka-sida til:

Balestrand Røde Kors
Balestrand Røde Kors Hjelpekorps

Utan frivilligheit stoppar Noreg. Mykje av det me tar for gitt her i landet er bygd på frivilligheit, og det gjeld i høgste grad Balestrand Røde Kors.
Me treng frivillige. Me treng deg! Bli ein del av fellesskapet vårt og kjenn på gleda ved å hjelpe andre.

Balestrand-gjengen (2)
Bli med på laget. Foto: Balestrand Røde Kors.

Alternativt kan du bli medlem, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.

Våre aktivitetar.