Lærdal Røde Kors
Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte menneske i lokalsamfunnet. Med di hjelp kan me gjere ein endå større innsats for fellesskapet.
- Adresse
- Mari-Jakobvegen 1C, 6887 LÆRDAL
- Telefon
- 90074676
- E-post
- age.boyum@rodekors.org
- Nestleder
- Bjørn Skalle
- Leder
- Åge Wiberg Bøyum
Vårt mandat
Røde Kors er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å avdekkje, hindre og lindre naud. I Lærdal Røde Kors tar me dette ned på lokalplan ved å forebygge og respondere for å redde liv, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk Lærdal Røde Kors si Facebook-side.
Noreg er verdsleiande på frivilligheit, og halvparten av befolkninga engasjerer seg i samfunnsnyttig, frivillig arbeid. Frivilligheit har ikkje berre ein positiv effekt på samfunnet. Menneske som arbeider frivillig, er beviseleg lykkelegare enn andre. Som frivillig i Røde Kors kan du engasjere deg lokalt, og føle på gleda ved å hjelpe andre.
Alternativt kan du bli medlem, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte. Det gjer godt, det òg. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.