Om Sogn og Fjordane Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors støttar 26 lokalforeiningar i fylket og 2500 frivillige i deira humanitære aktivitet innan søk og redning, oppvekst, migrasjon, sosial inkludering og beredskap.

Velkommen til oss

Distriktsstyret, med representantar frå Distriktsråd Omsorg, - Ungdom og -Hjelpekorps, står ansvarleg for den daglege drifta mellom årsmøta.

Dame og mann i røde jakker framfor fjell
Synøve Sande og Jon Atle Sagebø-Rise er leiar og nestleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Vi har distriktskontor i Førde. Dei elleve tilsette si hovudoppgåve er å legge til rette for lokal, frivillig, humanitær aktivitet. Arbeidet er styrt av handlingsprogrammet som fylkesårsmøtet bestemmer, behov hjå lokale ledd og distriktsstyret sine disposisjonar.

Sogn og Fjordane Røde Kors driv også humanitære aktivitetar sjølv, og har ansvaret for ein del arrangement.

Vi forvaltar også eigedomen Haugland i Fjaler, som sysselset over 100 personar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og Røde Kors Nordisk United World College.

Les handlingsprogrammet!

Les Årsmagasinet 2022!

Adresse: 

Sogn og Fjordane Røde Kors
Langebruvegen 28
6800 FØRDE

E-post: dk.sognogfjordane@redcross.no
Sentralbord: +47 22 05 40 00

Organisasjonsnummer: 983198422
Bankkonto: 3700.20.27616

Send EHF-faktura til Sogn og Fjordane Røde Kors, org.nr 983198422, bet.frist 30 dagar, vår ref [seks bokstavers ansattreferanse]

Vårt arbeid med klima og miljø

Sogn og Fjordane Røde Kors vil stadig ta nye steg i arbeidet med klima og miljø og er ei Miljøfyrtårn-sertifisert verksemd. 

Miljøfyrtårn er ei nasjonal sertifiseringsordning for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og syne samfunnsansvar. Målet er å redusere miljøbelastninga ved å systematisere og effektivisere miljøomsyn, samt å bidra til å inspirere og trekke fleire i grøn retning. 

Her kan du lese våre tiltak og mål for å vere ei Miljøfyrtårn-verksemd.

logo grøn og blå
Sogn og Fjordane Røde Kors er Miljøfyrtårn-sertifisert

 

Har du innspel til dette arbeidet? Gje innspel i dette skjemaet.

Alle verksemder, uavhengig av storleik, er av norske myndigheiter forventa å gjere aktsomheitsvurderingar og etterleve FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettigheiter. Dette gjeld både næringsliv, offentleg sektor og organisasjonar. 

Les korleis Røde Kors bidreg til FN sine bærekraftsmål. 

 

Les meir her:

Aktuelt og nyhende Sogn og Fjordane Røde Kors
Her finner du kontaktinformasjon til ansatte og styret i Sogn og Fjordane Røde Kors.
Medan lokalforeiningane er dei som driv direkte humanitær aktivitet, har distriktstillitsvalde ei overordna rolle som tilretteleggarar for slik humanitær aktivitet.
Slik kjem du deg inn på Korsveien