Frivillig hjelper deltakarar med å bogeskyting

Ferie for alle i Sogn og Fjordane

Alle skal få mogelegheit til å ta nokre dagar fri og ha det kjekt saman med andre. Velkomen til Ferie for alle i 2024!

Fleire gongar i løpet av året arrangerar vi Ferie for alle - gratis ferie for familiar i Sogn og Fjordane som ikkje har økonomi til å reise på ferie eller har anna tilsvarande tilbod om ferie.

Ferietilboda våre:

 
 
 

Vil du delta?

Familiar som ynskjer å vere med på Ferie for alle, må kontakte NAV, skulehelsetenesta, barnevernstenesta eller andre offentlege hjelpeinnstansar der dei bur. 

Ein aktiv ferie for heile familien

For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, for å dele gode opplevingar og å skape felles minner. For å kunne delta må minst eit barn i familien vere i alderen 6 til 13 år. Store delar av ferieleiren foregår utandørs uansett vêr og årstid. Både barn og vaksne er med på mange varierte aktiviteter som kanopadling, tubekøyring, symjing og fisking. På vinterleiren er det ski, aking, grilling og meir.

Informasjon og påmelding


Meir informasjon om Ferie for alle kan du lese her. 

2021-07-06_14-30-00_ffa kopi
Frivillig Daniel Andreassen: "Alle aktivitetane her er ting eg sjølv tykte var gøy å halde på med som barn. Det er kjekt å kunne gjere det same som vaksen, med ei større meining bak. Ein gir noko tilbake til familiane som deltek. Det gir meg noko."

Bli frivillig på Ferie for alle

Som frivillig på våre ferietilbod er du engasjert i lag med andre med å legge til rette for ei god og etterlengta oppleving for våre feriefamiliar. Du er med på leik, aktivitetar og utflukter - ja, det ein god ferie har å by på. Les meir under Informasjon til frivillige eller trykk på knappen under for å melde di interesse. 

2021-07-06_12-04-46_ffa kopi
Frivillig Ireen Pemphere Mbuna: " Eg trur berre det er i meg, å hjelpe. Eg elskar å hjelpe folk der eg kan. Viss eg gjer noko og ser eit menneske smile på grunn av noko eg har bidratt med, så kjenner eg ei lukke".

Eg vil bli frivillig på ferieleir!

 

Spørsmål? Kontakt våre medarbeidarar på distriktskontoret!

2311_Siv Merete Hatlem mindre kopi
Siv Merethe Hatlem
Tilretteleggar for barn og unge. Jobbar med Ferie for alle, Barnas Røde Kors, og distriktsråd ung.
E-post
siv.hatlem@redcross.no
Mobil
906 65 433

For spørsmål om påmelding, søknandsskjema eller transport ta kontakt med Irene. 

2301_LSN_Irene Grøneng-mindre2
Irene Grøneng
Jobbar med ulike administrative oppgåver og Ferie for alle.
E-post
irene.groneng@redcross.no
Mobil
953 00 131