Frivillig og deltakarar padlar på SUP-brett i vakre omgjevnader.

Velkomen til Ferie for alle på Haugland

Sommarleiren i 2024 vert arrangert i veke 27, 28 og 29 på Haugland i Fjaler.

Fleire gonger i løpet av året arrangerer Sogn og Fjordane Røde kors Ferie for alle – gratis ferie for familiar i Sogn og Fjordane som har utfordrande økonomi. Sommarleiren i 2024 vert arrangert i veke 27, 28 og 29 på campus til United World College Røde Kors Nordisk (UWCRCN) der vi lånar skulen sine fasilitetar når elevane har skulefri. Ferieleiren inneber gratis overnatting på internat og med dekka mat og drikke. Det vil vere om lag 100 gjester som deltek samtidig på leiropphaldet.

Leirstaden ligg vakkert til på Haugland ved Flekkefjorden i Sogn og Fjordane. Det er om lag 1 times køyretid frå Førde om Dale og vidare til Flekke. Adressa er Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke. 

Familiar som ikkje har høve til å køyre sjølv får tilbod om gratis busstransport frå næraste knutepunkt. Avtal transportbehov med kontakten i kommunen der du bur. 

Leiropphald måndag til fredag

Oppstart av leirane er måndagen med oppmøte i tidsrommet 13-15. Det vert servert lunsj fram til 15.30.

Heimreise er på fredagen kl. 14.

Første dag får familiane tildelt rom på huset der dei skal bu og nærare informasjon om leiropphaldet. Det er ikkje lagt inn organisert aktivitet på oppmøtedagen, så her kan familiane få tid til innlosjering, legge på sengeklede, bli kjent med området og kvarandre. 

Når leiren er slutt, må gjestane ta av sengekleda, rydde rommet og levere nøkkel.

Ei gruppe Røde Kors-frivillige
Frivillige frå Røde Kors møter deg når du kjem til Haugland.

Busetting

Alle gjestar bur i internathus i 5-sengers familierom, dei fleste med eige bad. Det følgjer med sengeklede og handkle. Romma vert vaska av reinhaldarar under opphaldet.

Det finst også eit felles vaskerom med tørkemoglegheiter. Der kan ein også få utdelt ekstra sengeklede og handklede.

Mat og drikke

Det vert servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat kvar dag, og det vert tatt matomsyn som er meldt inn på førehand. Skulen har ei eiga kantine der alle måltid, utanom kveldsmaten, vert servert. Nokre dagar vert det servert mat og drikke utandørs eller på utflukt. Treng ein mat utanom dette må gjestane ta med sjølv då det ikkje er butikk i nærleiken. 

Ferie for alle er eit rusfritt arrangement. Brot på reglar kan føre til utestenging frå aktivitet, erstatningsansvar eller heimreise.

Vertsskap

På leiren er det frivillige ferievertar frå Røde Kors og tilsette aktivitetsleiarar ved skulen som skal fylle veka med aktivitetar i trygge rammer for gjestane. Tilsette er ansvarleg for program og måltid på dagtid, medan frivillige hjelper til og er tilgjengeleg for gjestane under opphaldet. Dei frivillige bur på husa saman med familiane, og har ansvar for aktivitet og mat på kveldstid. 

Det vil vere om lag 15 frivillige med på leiren. Familiane får ein primærfrivillig som fylgjer dei gjennom heile opphaldet. Det er alltid foreldra som har ansvar for barna sine under opphaldet, dei frivillige kjem i tillegg til føresette, ikkje i staden for.

Program og aktivitetar

Leiren er lagt opp med aktive dagar med mykje utandørs aktivitet. Alle aktivitetar er gratis. Dagane vert delt inn i faste tider med program for føremiddag (eksempelvis kl. 10-12), ettermiddag (kl. 13.30-15.30) og (16-17/17-18) der familiane vert fordelt på ulike aktivitetar frå dag til dag. Barna må ha med seg foreldra på aktiviteten for å kunne delta.

Aktivitetane går føre seg i trygge rammer under leiing av kyndig og sertifisert tilsette og med frivillige som hjelper til. Det vert varierte aktivitetar som kano, frisbee, tube, SUP-brett, pizzabaking, natursti, bogeskyting, bading i sjøen m.m. Aktivitetane vert tilpassa alle ferdigheitsnivå og ein treng ikkje ha erfaring frå før. Foreldre vert oppmoda om å vere med på sjølve aktiviteten, men får lov til å vere tilskodar når barna deltek. 

Om kveldane vert det felles sosiale aktivitetar med brettspel, bingo, film, dans og uteleik. For ungdommane vert det organisert eigne aktivitetar somme dagar. Det er stilletid frå kl. 22, og foreldra må syte for at barna kjem i hus slik at det vert ro for alle som skal sove. Barna bør også vere i seng i passande tid for å vere utkvilde og klare for ein aktiv neste dag.

Barn i redningsvest padlar SUP-brett.
Ferie for alle er ein aktiv ferieleir. Både store og små får prøvd seg både til lands og til vanns.

Basseng og badeklede

I løpet av opphaldet får familiane også tilgang på eit stort innandørs badeanlegg. Alle som skal bade MÅ ha reint og eigna badetøy som er meint for bading for å få lov til å bruke bassenget. 

Tryggleik og ansvar

Foreldre har sjølv ansvar for barna si sikkerheit og helse. Det inneber at foreldra passar på at barna følgjer ferieleiren sine reglar. Leirstaden ligg ved vasskanten og det er viktig at ingen badar aleine eller er ved sjøen på eiga hand. Ved bruk av kano, båtar eller vassutstyr skal aktivitetsleiarar frå UWC vere med.

For at alle skal få eit godt og trygt opphald, er det nødvendig at familiane forstår og kan gjere seg forstått på norsk for å kunne ta imot og gje viktige beskjedar. Ettersom det er mange som deltek, må familiane klare seg utan tett oppfølging frå dei frivillige.

UWC har eiga gjesteforsikring. Deltakarane må sjølv ha reiseforsikring.