Vinterferie på fjellet

Har du fått plass på vinterleiren? Her er nærare informasjon om kva som ventar deg!

Årets Vinterferie-leirar er 16. - 19. februar og 20. - 23. februar.

Vinterferie-leiren vert arrangert ved Nordfjord fritidssenter, 23 km frå Stryn i flotte naturomgjevnader 500 moh. IL Veten har sitt klubbhus og idrettsanlegg her så det er mykje å finne på.

Program 

Ankomstdag 1: 

14.30: Frammøte og innsjekk på rom
15.00: Middag & informasjon om leiropphaldet
16.00: Aktivitetar ute
18.00: Fritid / leik / sosialt
20.00: Kveldsmat
22.00: Kveldsro

Dag 2:

09.00: Frukost
10.00: Vinter-OL! Felles gange til hoppbakkane. Vinterleikar med og utan ski
12.00: Bålkos og utelunsj på bål
13.30: Tur til Sølvbergstøylen
16.00: Middag
18.00: Fritid / leik / sosialt
20.00: Kveldsmat
22.00: Kveldsro

Dag 3:

09.00: Frukost og klargjering til utflukt - Lag matpakke
10.30: Buss til Loen skylift (ca. 25 minutt)
11.00: Skylift opp til Hoven (1011 moh.) Her vert det aking, vinterleik og utelunsj.
14.00: Retur med Skylift. Buss til Stryn sentrum
16.00: Middag på restaurant i Stryn
18.00: Fritid / leik / sosialt
20.00: Kveldsmat
22.00: Kveldsro

Dag 4:

09.00: Frukost
10.00: Aktivitetar ute / Klargjere til heimreise, pakke og rydde
11.00: Lunsj
11.45: Avreise / Bussavgang

Skiutstyr

Vi har tur-/skiutstyr, akebrett og kjelkar til utlån. Dei som har eige skiutstyr tek med det. Det er mogleg å kontakte BUA for å låne utstyr til familien om ein vil ha med eige utstyr. Vi oppmodar alle, både foreldre og barn, til å gå på skiturane som er oppsett i programmet.

Ski på Nordfjord Feriesenter
Det er flotte skiløyper rundt Nordfjord Feriesenter

Overnatting

Nordfjord fritidssenter ligg i Stryn kommune 500 moh. omringa av fjell, langrennsløyper og utandørs aktivitetsområde. Senteret ligg om lag 20 minutt køyring nord for Stryn sentrum i retning Blaksæter.

I hovudhuset har vi familierom, opphaldsrom og garderobar. I tillegg har vi eit anneks med enkle rom. Familiane deler opphaldsrom og kjøkken. Felles dusj og WC. Total overnattingskapasitet rundt 60 sengeplassar.

Rom, handkle og sengetøy:
Alle familiane bur på rom eller hytter som er utstyrt med dyner og puter.
NB! Husk å ta med handkle, laken, putetrekk samt dynetrekk eller sovepose. 

Trykk her for å komme til nettsida til Nordfjord Fritidssenter i Stryn.

Trykk her for vegbeskriving frå Førde til Nordfjord Fritidssenter.  

Mat og drikke

Maten vert servert i kantina på senteret. Det vert også servert mat og drikke utandørs på nokre aktivitetar.

Vertskap

Røde Kors frivillige og tilsette ved leirskulen organiserer program og sørger for at alle har det bra under leiropphaldet.

Anna praktisk info

Vakttelefon under heile opphaldet: 969 24 262

Foreldra har sjølv ansvar for barna under opphaldet.

Det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel, inklusiv alkohol. Det gjeld gjester, følgje og frivillige. Brot på denne regelen kan føre til bortvisning frå leiren.

Deltakarane må sjølv ordne med reiseforsikring. 

Pakkeliste

  • ​Sengetøy (laken og putetrekk. Dynetrekk, eller sovepose)
  • Toalettsaker og handklede
  • Inneklede og innesko/tøflar
  • Ullundertøy, ullsokkar
  • Varme klede (ull og fleece)
  • ​Lue, buff/skjerf og vottar eller hanskar
  • Vinterjakke og vinterbukse, eller bobledress
  • ​Tursekk og sitteunderlag
  • ​Drikkeflaske og termos

Kjekt å ha med:

  • turski- utstyr (sko, ski, stavar). Røde Kors og Nordfjord Fritidssenter låner ut skiutstyr til dei som ikkje har med eige
  • Hovudlykt
  • Solbriller og solkrem
  • Lesestoff/handarbeid/strikketøy

NB: Ta gjerne med ekstra sokkar, lue og vottar. Det er avgrensa mogelegheit for tørk av klede.