Kjekk møteplass, tykkjer Hassan Saleh Alaajam (t.v.), John Bøthun Liøen og Dawit Weldekidan Manna, dei to sistnemnde er flyktningkonsulentar i Lærdal.

Ein stad å høyre heime

Annankvar onsdag samlast innflyttarar og innfødde i Lærdal i eit lite, kvitt trehus på Øyri for å bli betre kjende.

Det luktar nybakt eplekake. Kari Blåflat står bak disken og deler ut rause stykker til gjestene.  

– Eg har bakt med eigne summer red-epler. Det ser ut til å vere populært, smiler ho, og skjenker kaffi til ein gjest.

IMG_4456
Møteplassen kafé på Lærdalsøyri


Det vesle lokalet rommar lærdøler, kurdarar, syrarar og fleire andre nasjonalitetar. Det er ikkje så mange møteplassar mellom flyktningar i introduksjonsprogrammet og lokalbefolkning – i Lærdal er dette den einaste.

Oppskrifta er enkel – ein open møteplass med ein gratis kaffikopp og noko å bite i. Fast opningstid. Inkluderande frivillige som syt for at du kjem i prat, uansett kva bakgrunn du har.

Skal føle seg velkomne

– Det er viktig at vi tek godt i mot alle som kjem hit, at dei finn seg til rette hjå oss og føler seg velkomne. Dei skal jo bu her, nokon kanskje resten av livet, så då må dei jo bli ein del av bygda, seier Blåflat.

Ho er flyktningguide i Røde Kors, og frivillig kafévert på det nystarta tiltaket.

Det byrja med at Røde Kors hadde eit møte med flyktningtenesta og frivilligsentralen, der det kom fram at behovet for eit sosialt tilbod, spesielt for flyktningar i introduksjonsprogrammet, var stort. 


– Vi fann ut at vi skulle starte kafé, så ein har ein stad å møtast av og til. Både flyktningar og bygdefolk, seier flyktningguidekoordinator i Lærdal Røde Kors, Bjørn Skalle, noko som vert stadfesta av flyktningkonsulent i Nav Lærdal, John Bøthun Liøen.  

– Vi er sosiale dyr. Ein møteplass er viktig for tilhøyre, integrering og trivsel, seier han.

Kjend med nye folk

På barkrakkane ved disken, sit lærdølen Ingebjørg Øren og syraren Jwad Altair i tett samtale med Kari Blåflat. Ingebjørg er innom for første gong. Altair har delteke sidan det opna. Han set stor pris på tilbodet.   

– Fredag er det konsert, då skal Ingebjørg og meg synge med koret. Det er veldig kjekt om du kjem, seier Blåflat.  

Han nikkar og smiler og takkar for tilbodet. Han trur han veit kvar det rosa samfunnshuset er.   

– Det er veldig bra og snille folk i Lærdal, men det er jo sjølvsagt veldig forskjellig frå Syria. Det vanskelegaste er at ein møter så lite folk her, samanlikna med det eg er van med, seier han.  

– Det er hyggeleg at me har slike møteplassar, då. Det er veldig koseleg at folk kjem og samlast, bli kjent med nye folk og lære nye ting, seier Øren, som seier at ho nok kjem til å komme tilbake.

IMG_4427
Shkar er med pappa Lokman Abolmohamadi på kafé. Bak pratar Marianne Øren og Shadan S. K. Abdalla.

Språk avgjerande

Også kurdaren Lokman Abolmohamadi har teke turen innom kafeen med familien sin. Ungane leikar på golvet, medan han tek seg ein kaffi. 

– Det er bra for språkpraksisen å komme her. Eg trur det er litt kjedeleg for norske å snakke med dei som kan lite norsk, så det er viktig å lære seg språket skikkeleg. Det er avgjerande for oss når vi skal finne jobb og vere sjølvstendige etter introduksjonsprogrammet, seier han.

Kontakt Lærdal Røde Kors