Fortenestemedaljen til Berit Flæthe Arntsen
Berit Flæte Arntsen er tildelt Norges Røde Kors fortenestemedalje for hennar langvarige innsats for Røde Kors og dei Røde Kors er til for i heimkommunen Høyanger og Sogn og Fjordane.
Berit Flæthe Arntsen frå Lavikdalen har vore aktiv omsorgsfrivillig og tillitsvald for Røde Kors sidan slutten på 1990-talet.
Talsperson
Innbyggarane i fylket kjenner ho kanskje best som talsperson for barn som lever i familiar med låg inntekt. Ho har stilt opp på svært mange intervju og forklart kvifor Røde Kors engasjerer seg for denne sårbare gruppa, og jobbar mot utanforskap gjennom til dømes ved å gje ferieopplevingar gjennom Ferie for alle.
Her er eit intervju i NRK i 2015, då Røde Kors i fylket hadde gitt julegleder til 778 barn. I 2018 var dette talet julegleder tilnærma dobla, etter systematisk samarbeid mellom Røde Kors og lokale kommunale tenster, for å nå ut til målgruppa. Her kan du lese ein av hennar kronikkar om temaet. Klikk på filmsnutten nedanfor, og høyr Arntsen forklare kvifor det er så viktig å bidra til denne gruppa.
Omsorgsmenneske
Fleir hundre barn og foreldre frå fylket har dessutan møtt ho som ein merksam og inkluderande frivillig og leirsjef på Ferie for alle både på Haugland og i Stryn. Dei siste åra har ho brukt ei sommarferieveke og ei langhelg i vinterferien til denne aktiviteten som frivillig, for at ungar frå familiar med låg inntekt skal føle seg mindre utanfor.
Lokalt i Lavikdalen, har ho stått på og arrengert aktvititetar for spesielt barn i bygda. Berit sin innsats har betydd mykje for mange. Nedanfor kan du lese Norges Røde Kors komite for æresbevisningar si grunngjeving for at Berit Flæthe Arntsen er tildelt ein av dei gjævaste utmerkingane som er mogeleg å få i organisasjonen.
Pådrivar
Som leiar i distriktsråd omsorg, har ho dessutan hatt eit ansvar for å legge til rette for lokalt omsorgsarbeid i heile fylket innan ulike inkluderinsaktivitetar, som besøksteneste og migrasjonsarbeid. Arntsen er ein pådrivar for å syte for at lokale tillitsvalde får den reiskapen dei treng for å drive aktivitet.
Protokoll, Norges Røde Kors komite for æresbevisningar:
Sogn og Fjordane Røde Kors søker om æresbevisning til Berith Flæthe Arntsen frå Høyanger Røde Kors. Ho har vore medlem i 25 år, og i 20 år hatt fleire tillitsverv. Lokalt har ho vore leiar og medlem av Lavikdal Røde Kors Barnehjelp i fleire periodar frå 1990-talet og fram til i dag og medlem av lokalforeiningsstyret i Høyanger Røde Kors i fleire periodar. På distriktsnivå har ho leia distriktsråd omsorg og vore medlem i distriktsstyret frå 2011 – 2019.
Berit Flæthe Arntsen har engasjert seg i lokalsamfunnet der ho bur. Som ein av dei siste, om ikke den einaste, attlevande aktiviteten "Barnehjelpen" i Røde Kors, har ho bidratt til aktivitet for barn, unge og etter kvart vaksne i Lavikdalen. I mange år har tradisjonsrike arrangement samla bygdefolk fleire gongar i løpet av året, og gitt mykje moro og sterkt samhald. Barnehjelpen har bidratt til tryggleik i lokalsamfunnet, og Berit har vore ein av de berande kreftene dei siste åra.
I søknaden vert det framheva at ho i dei ulike rollene ho har hatt, har representert omsorgsfrivillige på ein særs god måte. Berit har ikkje vore den som har tatt ordet unødig mykje, men har stått fram når det har vore nødvendig, inkludert å holde innlegg i landsmøtet.
Som tillitsvald på distriktsnivå har Berit Flæthe Arntsen tatt stort ansvar for aktivitet som distriktet koordinerar for lokalforeiningane. Dette gjelder spesielt Ferie for alle, der Berit i fleire år har vore frivilleg leirsjef for ein av dei to tradisjonsrike sommarleirane distriktet har på Haugland i Fjaler. Ho har også vore frivilleg leirsjef for Vinterferie for alle. Gjennom dette har ho vist igjennom mange år at det ligg eit stort personleg engasjement til grunn for innsatsen.
Berit Flæthe Arntsen har som distriktsrådsleiar omsorg vore opptatt av at omsorg lokalt skal bli mer engasjert i beredskapsarbeidet, og beredskapsøvingar vore sentrale tema på omsorgssamlingar dei siste åra. Berit Flæthe Arntsen har også engasjert seg aktivt i distriktet sine internasjonale distriktssamarbeid.
I søknaden vert det framheva at Berit Flæthe Arntsen er eit omsorgsmenneske som syner att i all hennar framferd i de mange ulike rollene hun har og har hatt i Røde Kors.
Sogn og Fjordane Røde Kors distriktsstyre støttar søknaden på det varmaste.
Vedtak:
Norges Røde Kors komite for æresbevisninger tildeler Norges Røde Kors Fortenstmedalje til Berit Flæthe Arntsen for henna engasjerte og langvarige arbeid for Røde Kors og dei Røde Kors er til for, både i Høyanger Røde Kors, og i Sogn og Fjordane Røde Kors.