Redning i elv
Redning i elv er så krevjande og risikabelt at det er for spesialistar. Elveredningsgruppa i Røde Kors Hjelpekorps får nokon av våre mest utfordrande oppdrag.
– Ein må bruke mange timar i elva for å bli god, seier Sølve Kiviranta, fagleiar for elveredning i Sogn og Fjordane Røde Kors.
Han loggførte 158 dagar i rennande vatn i fjor, og jobbar med å lære seg korleis rennande vatn fungerer, kva krefter ein kan bruke for å lette arbeidet, kva som er avgrensande.
– Eg byrjar å forstå litt korleis elva fungerer, men det er framleis ein lang veg å gå for å kunne kalle seg sjølv ein erfaren elvenisse, seier han.
Eg vil bli med i Hjelpekorpset!
Det skjer heldigvis sjeldan, men av og til hamnar folk i elva. Oftast er det turistar eller turgåarar som har vore uheldige. Då er det elveredningsgruppa vert varsla. I 2019 var dei i bruk i tre aksjonar, og tilbydde sin kompetanse i fleire andre.
Krevjande geografi
I Sogn og Fjordane er geografien slik at elvene ofte er bratte, så vatnet renn fort og det er kaldt. Dessutan er det ofte bratte omgjevander, nesten uframkommeleg.
For å kunne drive effektiv og sikkert redningsarbeid under slike forhold, trengs ein del spesialutstyr. Mannskapet skal dessutan vere varme og tørre, dei skal hjelm og anna verneutstyr.
Øver så mykje dei kan
Kunnskap og erfaring er minst like viktig som utstyr. Desse folka må både lære seg å lese elva, men også vere drivande gode på tau og trinser. Dei må til dømes komme seg ned i juv og få pasientar opp av juv. Dei må kunne drive førstehjelp på ein person som heng i ei båre i ei fjellside. For å meistre dette, er det øving, øving, øving som gjeld.
Samarbeid med andre
Elveredningsgruppa treng god samhandling med dei andre naudetatane, som Brannvesenet, Politiet, redningshelikopter og alpine redningsgrupper. Difor prøver dei så ofte som råd å øve saman.
– Vi har eit sterkt samarbeid med redningshelikopteret i Florø (Rescue 8), som er svært ivrige på å øve. Luftambulansen og redningsdykkarane er også nokon vi har samhandlingsøvingar med, seier Kiviranta.
Plass til fleire
Elveredningsgruppa har dyktige folk frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, men det er absolutt rom for fleire. Kiviranta nemner mellom anna at det padlemiljøa rundt omkring er folk med svært mykje kunnskap om elvene, som dei gjerne kunne tenkt seg inn i Røde Kors. Elveredning er for dei som likar ei utfordring.
– Eg starta med elveredning på grunn av at dette var eit nivå opp. Kombinasjonen av artige, inkluderande folk i ei aktiv gruppe som dreiv faget framover gir motivasjon. Faget er komplekst og ingen elver er like, så det utfordrar ein med å tenke nytt og bruke det ein kan frå før, avsluttar Kiviranta.