Skreddøving i Stryn Vis bildetekst
Hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane er budd på å hjelpe i påska, men styrkar i år beredskapen for nærturar og koronainnsats. Arkivfoto frå skredøving i Stryn.

Røde Kors forsterkar påskeberedskap for nærturar og koronaoppdrag

Frivillige i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps vil vere i beredskap i påska, men vil ha meir kapasitet for nærturar og for korona-oppdrag for kommunane.

Heile Røde Kors gjer endringar i den tradisjonelle påskeberedskapen på grunn av koronasituasjonen og styresmaktene sine smitteverntiltak.

– Røde Kors Hjelpekorps flyttar deler av beredskapen til folk sine nærområde, og vil for det meste ikkje bemanne vakthyttene i Sogn og Fjordane. Våre mannskap vil likevel ha ein omfattande beredskap og står klare til å hjelpe, seier Margrethe Skåden, operativ leiar i Sogn og Fjordane Røde Korps Hjelpekorps.

(Teksten held fram under bildet)

Koronavettreglane

På 150 Røde Kors-hytter i fjella landet rundt, har det i årevis vore hjelpekorps til stades gjennom påska. I år vil denne kapasiteten bli avgrensa til 20 hytter.

– Vi har mange frivillige som no hjelper kommunane sine blant anna med varekøyring og andre oppgåver. Innsatsen vår for sårbare grupper som eldre og einsame er trappa opp, og dette er aktivitet som må prioriterast. Samtidig  held vi på den tradisjonelle påskeberedskapen, seier Skåden.

Luster, Leikanger og Sogndal til fjells

I Sogn og Fjordane betyr det at alle hjelpekorpsa, med tre unntak, belagar seg på heimevakt. Fjærlandssete i Leikanger, vert bemanna i sjølve påskehelga, og det same gjeld Sogndal si korpshytte i Hodlekve. Luster Røde Kors Hjelpekorps seier at dei kjem til å vere til stades på Turtagrø, dersom det vert fint vêr og stor utfart.

Frå Hodlekve
Arkivfoto frå Hodlekve ein vanleg vinterdag i januar. Foto: Håvard Nesbø.

I påska vil dessutan våre omsorgsfrivillige rundt i distriktet følgje opp dei som vanlegvis deltek på våre sosiale aktivitetar. Dei aller fleste besøksvennene har oppretta telefonisk kontakt med som vanlegvis får besøk. Når det gjeld aktivitet for migrantar, har til dømes både Førde og Aurland funne digitale platformer å kommunisere med sine deltakarar på. Førde Røde Kors Ungdom har eit eige opplegg for unge på nett.

Fjellvett og koronavett

– Viss alle har både Fjellvettreglane og Koronavettreglane langt framme i bevisstheita, håpar vi at mange kjem seg ut i naturen og nyter påskeveka i vår fantastiske natur. Samtidig er høgtida eit godt høve til å syne omtanke for nokon som kanskje ikke har det så lett, oppfordrar Skåden.

Vil du støtte Røde Kors sin evne til å hjelpe i denne tida, kan du bli støttemedlem.

Eg vil bli støttemedlem!

Frivillige i Røde Kors har teieplikt og opplæring, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.