Patricia er telefonvenn med fire
Årdal Røde Kors besøksteneste har snudd seg rundt og blitt telefonvener under korona-isolasjonen. Fleire tek no kontakt for å få nokon å snakke med.
– Vi er ti besøksvener som no har gått over til telefon. Så veit vi at dette vil dra ut, så vi har fleire vi kan sette på etter kvart, seier leiaren i Årdal Røde Kors, Patricia Seglem Lægreid.
Dei siste dagane har dei fått fleire nye oppdrag i tillegg til eksisterande kontaktar. Det er einslege eldre som tykkjer det har byrja å bli tøft å sitte inne. Viktige samlingspunkt som eldresenteret er stengt. Dagane kan bli lange. Sjølv har Patricia fire personar ho snakkar med.
Det er lett å #sihei!
– Vi snakkar om kvardagssting. Om folk er bekymra, må eg vere flink til å lytte. Det er ei skummel tid, men eg oppmodar dei om å prøve å ha det koseleg heime. Ja, prøve å finne på noko kjekt, noko ein likar å gjere. Om dei likar å bake, kan dei kanskje bake litt og legge i frysaren, om dei likar handarbeid som meg, kan vi snakke om prosjekta vi driv med og diskutere garntypar, seier ho.
I Årdal har Røde Kors oppretta eit samarbeid med kommunen, der innbyggarar med ulike behov kan ta kontakt med eit tildelingskontor. Derifrå vert dei kopla opp med Røde Kors.
I Sogn og Fjordane har Røde Kors frivillige besøksvener i dei fleste kommunane. På grunn av koronaen er all aktivitet som inneber fysiske møter, sett på pause. Mange har gjort som Årdal, og erstatta besøk med telefon. Er du av dei som treng ein telefonvenn, ein person å snakke med om både store og små ting, kan du kontakte kommunen din eller ditt lokale Røde Kors.
Lær deg koronavettreglane!
Vil du støtte Røde Kors sin evne til å hjelpe i tida som kjem, kan du bli støttemedlem.
Frivillige i Røde Kors har teieplikt og opplæring, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.