![I desember 2012 forsvann ein mann i 20-åra i Erdal i Oppstryn. Han vart ikkje funnen då , trass fleire forsøk. No gjer hjelpekorpsa i Stryn, Olden og Vikane eit nytt forsøk, i samarbeid med politiet. Foto: Henning A. Hellebust, Sogn og Fjordane Røde Kors.](/contentassets/0c1dccdad5754faa88c9751d12c1f7b3/2021-05-08_08-08-43_erdal-2.jpg?width=1600&quality=90)
Søker etter mann 8,5 år etter forsvinning
Røde Kors Hjelpekorps i Stryn, Olden og Vikane tek opp at søk etter ein mann i 20-åra, nesten ni år etter at han forsvann i Erdalen i Oppstryn.
8. mai er over 30 hjelpekorpsarar frå bygdene i Stryn samla for å gjere enno eit forsøk på å finne ein mann som forsvann i Erdalen i Oppstryn i desember 2012.
– I etterkant av dei søka vi gjorde då han forsvann, og nye søk våren 2013, ser vi at det er område vi har lyst til å søke igjennom ein gong til. Håpet er å få ei avslutting på saka, seier aksjonsleiar Arne Reme, som er leiar i Stryn Røde Kors Hjelpekorps.
![2021-05-08_08-07-06_erdal](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_08-07-06_erdal.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_08-23-35_erdal](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_08-23-35_erdal.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_08-46-05_erdal-3](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_08-46-05_erdal-3.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_09-38-42_erdal](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_09-38-42_erdal.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_09-38-42_erdal](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_09-38-42_erdal.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_09-57-55_erdal](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_09-57-55_erdal.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_10-23-32_erdal-2](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_10-23-32_erdal-2.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_10-26-36_erdal-2](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_10-26-36_erdal-2.jpg?width=1600&quality=90)
![2021-05-08_10-27-33_erdal](/globalassets/_distrikt-og-lokalforeninger/dk-sogn-og-fjordane/bilder/2021-erdal/2021-05-08_10-27-33_erdal.jpg?width=1600&quality=90)
Søket er eit samarbeid mellom politiet og Røde Kors, i samråd med familien.
– Vi leita grundig etter den sakna den gong, men lovde oss sjølv at vi ikkje skulle gje oss med den leitinga som var. Difor er det kjekt å sjå at vi er i gong igjen. Det er håp om å gjere funn, seier Vidar Stavik ved Politiet i Stryn, under si orientering til mannskapa.
Søkte i 2012 og 2013
Då mannen forsvann i 2012, var store leitemannskap involvert i fleire dagar i søk. Det vart brukt helikopter, varmesøkande kamera, lyttepostar, hundar, men utan resultat. Det var ned mot 15 kuldegrader i perioden forsvinninga skjedde. Leiteaksjonen vart avslutta av politiet etter ei lita veke.
Våren 2013 samla Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps mange frivillige og gjennomførte eit nytt søk i dalen, også den gongen utan resultat.
Mannskapa i Røde Kors Hjelpekorps er frivillige som har gått igjennom opplæring og er sertifisert til å søke. Les meir om Røde Kors Hjelpekorps i Sogn og Fjordane og vår aktivitet her.