Kasser står klare til å fyllast

Stor auke i talet matkasser frå Førde Røde Kors

Det er 12 året Førde Røde Kors deler ut matkasser til familiar som strevar med å få jula til å gå rundt og i år auka talet til over hundre.

Kantina i Røde Kors-bygget vert forvandla til ein slags «nisseverkstad» for gode gjerningar, der frivillige står på og pakkar mat og julegleder til dei som treng det mest.

Kvar jul leverer Førde Røde Kors fleire matkasser enn dei gjorde året før, og dette året rundar det hundre kasser. Det vert pakka og levert ut 113 matkasser i år, og i fjor var talet 85.

112 fleire på 12 år

Frivillig i Førde Røde Kors og tidlegare lokallagsleiar, Asbjørn Steen starta denne viktige juletradisjonen til Førde Røde Kors for 12 år sidan. Han var spent på om det var nokon som turte å spørje om mat.

- Det var ein som meldte seg og det var nok til at vi skulle fortsetje, seier Asbjørn.

Nokon kontaktar Førde Røde Kors med ynskje om å få matkasse samstundes som NAV og andre instansar melder inn behov. 

- Dersom eg skulle finne ut at naboen har trong for mat i jula, så kan eg ikkje be om matkasse på vegne av naboen. Ein må be om det sjølv eller få via NAV, seier Asbjørn.

Frivillig Asbjørn Steen
Asbjørn Steen og dei andre frivillige står på for å få fylt kassene med julemat og julegleder.

Julegleder til barna

Den første som fekk matkasse frå Røde Kors var ein vaksen person. I år er det stort sett familiar av alle slag, og det 198 barn som får mat frå Røde Kors til jul.

- Det må eg sei er det som er mest tragisk med heile greia. Barn som lever under vanskelege økonomiske forhold, seier Asbjørn.

I kassa ligg det ei juleglede til barna. Eit gåvekort på 500 kr frå leikebutikken Gyngehesten eller eit frå H&M til dei større barna.

I til dette reiser Førde Røde Kors på sjukehuset på julafta og gjev gåver til dei barna som er innlagt der i jula. Dette er eit samarbeid med Gyngehesten.

- Eit år var det to små jenter som var innlagt der og vi kjøpte dukkevogner til dei. Då fekk vi høyre at det vart liv og røre der oppe, ler Asbjørn.

Lokallagsleiar og frivillig samarbeidar
Lokallagsleiar Norvald Nøringset og Asbjørn Steen har brukt mykje tid til forbereding og organisering.

Frivillig innsats

Det er mange frivillige involvert i pakking og køyring. Det er ti som pakkar og om lag like mange som køyrer. Alle dei frivillige har tausheitsplikt.

Oddny Njøsen er ei av dei frivillige som bidreg med å pakke i kasser. Ho er frivillig i Besøkstenesta, på Internasjonal kafé og bidreg med å pakke og køyre ut kasser år etter år.

- Eg tykkjer at vi som har det så bra må prøve å hjelpe til der vi kan, seier Oddny.

Og sjølv om det er juletre heime som skal på fot og golv som skal vaskast så er det ikkje det som er viktigast no.

- Eigne juleforbredelsar kjem i andre rekke, vi brukar tida der det er mest behov, seier Oddny.

Kvinne pakkar mat i kasse
Oddny Njøsen og dei andre frivillige har satt eigne juleforbredelsar til sides denne dagen.

Det meste ein treng til jul

Med stive matprisar, auka rente og høge prisar på straum er det nok mange som kjenner at det er litt trangare økonomisk denne jula. At fleire har bedd om matkasse frå Røde Kors heng truleg saman med dette, men det kan også vere fordi tilbodet er meir kjent.

Frøydis Varlid kjente eit behov for å bidra og er frivillig for første gang.

- Eg tenkte at dette er ein fin ting å gjere, spesielt no som det kanskje er ekstra behov for det, seier Frøydis.

Mange av Sunnfjord sine innbyggarar har støtta dette tiltaket ved å kjøpe Førde Røde Kors sin julekalendar. Det er også private gjevarar og bedrifter som bidreg med større beløp.

To frivillige fyller kasser
Det er mykje arbeid å fylle 113 kasser med mat. Dei frivillige jobbar i fleire timar.

Røde Kors samarbeidar med Nortura og Safari og dei sponsar mykje. Mange kjem også innom med strikkaplagg og ekstragåver, og det vert lagt i kasser der det er barn der plagget eller gåva kan passe.

I matkassene er det meste som ein treng til ei god julefeiring. Kjøtmat, poteter og anna tilbehør, småkaker og anna snacks, samt brus, saft og kaffi.

- Eg trur nok ikkje at dei hadde bedt om å få dette viss dei ikkje vart glad når dei fekk der, seier Asbjørn Steen.

Kasse med innhald
Kassa er fylt med både saltmat og søtmat.

 

Støtt Røde Kors, bli medlem

 

Sjå dei frivillige pakke kasser i videoen under: