Stort engasjement for flyktningar i Hyllestad
I Hyllestad forberedar lokalbefolkninga, Røde Kors og kommunen seg på å ta i mot flyktningar.
Då ordførar Kjell Eide kom inn døra til informasjonsmøte om flyktningane med ei kanne kaffi såg han rundt seg og vart overraska. To ting var sikkert, her var det mange som ynskja å bidra for flyktningane og han hadde laga for lite kaffi.
Dette fortel Jan Arvid Støyva, operativ leiar i Hyllestad Hjelpekorps og prosjektleiar for Røde Kors sin innsats for flyktningane i Hyllestad. Han skryt over sambygdingane sitt engasjement, samt samarbeidet Røde Kors har med kommunen. Kommunen kontakta raskt Røde Kors for å høyre kva dei kunne bidra med og for å kartlegge frivillige.
- Kommunen sit med flotte leilegheiter og vi i Røde Kors sit med opne armar for å ta i mot flyktningane, seier Jan Arvid.
Klesinnsamling
Ei veke etter allmøtet var Røde Kors i gang med klesinnsamling. Åtte damer frå Røde Kors Omsorg sto klare, dei fekk låne lokale gratis av Leirvik senter og folk sto i kø for å levere inn klede.
- Gjevargleda har vore enorm! All ære til bygdefolket, seier Grete Heimark Dale, ei av damene som har organisert innsamlinga.
Grete og dei andre damene som har teke i mot klede har vore opptekne av at det skal vere gjort skikkeleg. Det vart kjøpt inn klesstativ teke i bruk hyller og innsamlingsstasjonen ser ut som ein butikk. Dei ser at folk leverar inn ordentlege ting og skikkelege klede.
- Det gjev positive ringverknadar. Når ein gjev klede så viser ein at ein ynskjer flyktningane velkomne og vil ha kontakt med dei, seier Grete.
I tillegg til klede vert det levert inn utstyr og leikar. Nokon av tinga ein kan sjå i butikklokalet er ein sykkel med korg i perfekt stand, ein gåbil til utebruk og ein vippestol for baby.
- Det var ei ukrainsk mor med barn innom for å hente klede og utstyr og jentungen hadde så lyst på den sykkelen. Sykkelen var for liten for jenta og mora sa nei, fortel Grete og legg til at ho hadde lyst å sei til jenta at ho kunne ta med sykkelen sjølv om det var for liten.
Det har vore opent for innlevering av klede og utstyr to dagar i veka sidan dei opna opp 24. april, og dei åtte damene har jobba på skift for å halde det opent. No er butikklokalet fult og dei stenger for innlevering. Det vert no opna opp ved behov og når det kjem flyktningar.
- Om det er noko vi har behov for vidare, så er det gode uteklede, fortel Astrid Agasøster Løland, som også jobbar på innsamlingsstasjonen.
Flyktningguide
Parallelt med klesinnsamling jobbar Røde Kors i Hyllestad med å engasjere og å lære opp flyktningguidar. Som flyktningguide fungerar ein som ein fadder som hjelp dei nytilflytta flyktningane å bli kjent i lokalområdet og ein vert med på aktivitetar og gjerne på ungane sin første dag på skulen.
Så langt har det komt 5 ukrainarar til Hyllestad. Kommunen har meldt om at dei kan ta i mot 45 stk. Situasjonsbilete pregast av lite informasjon, men dei forventar at det kjem fleire flyktningar i slutten av mai.
- Det ventast også ein familie frå Syria. Det vert sjølvsagt ikkje gjort noko skilnad på flyktningane ut i frå kvar dei kjem frå, fortel Jan Arvid.
Alle er velkomne til Hyllestad og til å hente ut klede og utstyr i Røde Kors sin innsamlingsstasjon, og damene er klare til å ta i mot dei og kjem på kort varsel.
- Det har vore hyggeleg og sosialt å vere her og vi kjem til å sakne det no når vi stenger for innsamling, fortel Grete.