Kongens fortenestemedalje til Inger Johanne Brekke
For sitt engasjement og frivillige arbeid i meir enn 35 år mottok Inger Johanne Brekke i Eid Røde Kors Kongens fortenestemedalje fredag 16. desember.
Røde Korsarar, familie og fleire representarar frå kommunen var samla til ei høgtideleg stund i Kulturhuset Gamlebanken på Eid for å heidre Inger Johanne og hennar innsats for Røde Kors og dei Røde Kors er til for.
Heidra av ordførar og stortingsrepresentant
Tilstades for å heidre Inger Johanne og til å dele ut diplom, medalje og blomar var både ordførar, varaordførar og kommunedirektør i Stad kommune. I det Ordførar Gunnar Silden delte ut medaljen, las han nokre ord skrive av tidlegare ordførar og stortingsrepresentant Alfred Bjørlo. Det kjem tydeleg fram at Bjørlo har lagt merke til innsatsen som Inger Johanne har bidrege med i lokalmiljøet.
«Som ordførar i ti år har eg på nært hald blitt kjent med enorme innsatsen Inger Johanne har lagt ned i sjølvoppfordrande frivillig arbeid i Eid Røde Kors. Særleg knytt til lokal beredskaps- og omsorgsarbeid. (...) Inger Johanne har gjennom utrulege 35 år bygd opp Besøkstenesta i Eid Røde Kors til å bli ei teneste av svært høg kvalitet og stort omfang, som også samarbeider tett med kommunen si omsorgsteneste.»
Inspirerande leiar og medmenneske
I alle desse åra har Inger Johanne nytta mesteparten av si fritid til å hjelpe medmenneska sine, lokalt i Eid Røde Kors, samt på distriktsnivå. I store delar av denne tida har Inger Johanne vore leiar for Eid Røde Kors Omsorg. Ho har også vore medlem i Distriktsråd Omsorg for Røde Kors Sogn og Fjordane i to periodar. Som leiar og tillitsvalt har ho inspirert både frivillige og brukarar med sin opne og varme veremåte.
I si tale til Inger Johanne skildra distriktsleiar i Røde Kors, Synøve Sande nettopp desse eigenskapane.
«Inger Johanne har vore trekt fram av andre frivillige som ein flink og merksam leiar både i høve andre frivillige og i høve deltakarar i aktivitet. Ho skal ha mykje ære for at dei frivillige har det kjekt og at dei fungerer så godt i besøkstenesta lokalt. Inger Johanne har gått framfor som medmenneske, frivillig og leiar blandt sine eigne».
Lang liste med gode gjerningar
Inger Johanne har stått på både for eldre og for andre med behov og utfordringar. Som pådrivar for etablering av Internasjonal Kafé på Nordfjordeid har Inger Johanne stått i første rekke når det gjeld å stille opp for flyktningar og innvandrarar busette på Eid.
Inger Johanne har som frivillig på "Ferie for alle" og på "Barne og ungdomsleirane" synt eit stort engasjement for barn og unge med ulike utfordringar. Desse tilboda går til familiar med vedvarande låge inntekter, barn med funksjonshemningar og familiar med ei migrasjonshistorie.
Inger Johanne har vore ein av pådrivarane for julekassene som Eid deler ut til familiar med varig svak økonomi. Ho har også vore ei drivkraft lokalt når det kjem til å dele ut "Julegleder for barn", som er gåver til barn i familiar med utfordrande økonomi.
Sjølvoppofrande innsats
Før utdelinga av medaljen måtte Inger Johanne innrømme at ho hadde grua seg litt til denne dagen, då ho ikkje er glad i denne typen merksemd. I fleire av talene vart det trekt fram at Inger Johanne arbeidar i det stille, utan å ynskje merksemd rundt arbeidet ho gjer. Dette trakk også Alfred Bjørlo fram i sine ord:
«Inger Johanne er ein person som arbeider i det stille, og sjeldan stikk seg fram når det ikkje er absolutt nødvendig. Eg synst difor det er ekstra viktig og kjekt dersom ho denne gongen kan bli sett og verdsett for den enorme, sjølvoppofrande innsatsen ho har lagt ned gjennom heile sitt vaksne liv for dei som treng hjelp aller mest i sitt lokalsamfunn.»
Kommunedirektør Åslaug Krogsæter delte eit minne for å synleggjere at sjølv om Inger Johanne arbeidar i det stille vert ho lagt merke til.
«Eg kom til Eid for 32 år sidan og eit av mine første minner er synet av Inger Johanne. Det kan sikkert nokon forestille seg, for det var ei utruleg vakker og elegant dame. Og så har eg lært meg å kjenne ho litt etterkvart, og då har eg skjønt at alt det vakre kjem innanfrå. Du er eit utruleg varmt og vakkert menneske!»
Organisator og mentor
Dei som har jobba saman med Inger Johanne har lagt merke til at ho er ein dyktig organisator. Ho er flink å delegere og følgje opp ansvar og oppgåver. Ho framhevar andre og lar andre sleppe til med sine initiativ og løysingar.
Leiar i Eid Røde Kors, Dag Magne Sætren bidrog med varme ord om Inger Johanne og trakk fram rolla ho har hatt som mentor for han. Dag Magne var nybakt nestleiar då leiar i lokalforeininga, Are Fagerli brått gjekk bort. Inger Johanne sto som ein stødig klippe som kunne bidra med kunnskap og gode råd. Inger Johanne sitt engasjement var også noko han trakk fram i si tale:
«Som person kjenneteiknast Inger Johanne av å vere systematisk og engasjert. Like mykje i små ting som i større ting. Du er stillsam og alltid roleg og sindig i alle situasjonar, og alltid blid og i godt humør. Det er lett å ta opp saker med deg, og du har og glimt i auge når det er tid for det. Du er oppriktig engasjert i andre menneske.»
Takknemmeleg og stolt
Det var ei stolt og ydmyk Inger Johanne som sjølv tok ordet og takka kommunen, familien og Røde Kors. Æra ville ho dele med sine frivillige kollegaer.
«Eg vil framheve desse flotte omsorgsfolka som sit her i dag. Mi ære her i dag, den vil eg dele med dykk. For utan dykkar velvilje kunne eg ikkje fått utført det som vi greier å utføre. Eg tenker ofte på kor kjekt det har vore å vere leiar for ein flokk med ja-menneske.»
Og om alle timane med frivillig arbeid sa Inger Johanne:
«Det frivillige arbeidet for meg har aldri vore eit ork, men tvert i mot ei stor glede, for det har alltid gjeve meg mykje meir enn eg føle eg sjølv har ytt.»
Held fram
At Inger Johanne er eit fantastisk døme på ein Røde Kors-frivillig og at heideren er vel fortent, er det inga tvil om. Som grunngjeving for utdelinga av Kongens fortenestemedalje til Inger Johanne Brekke skreiv Alferd Bjørlo:
«Eg kan med handa på hjartet – med det overblikket eg har over lokalsamfunnet etter 10 år som ordførar – seie at det ikkje er mange som vil vere meir verdig til ei slik utmerking enn Inger Johanne.»
Inger Johanne fylte nyleg 80 år, men fortel at ho skal fortsetje som ho har gjort i besøkstenesta, i Røde Kors Omsorg og i internasjonal aktivitet. Leiarvervet det har ho gjeve frå seg til Rigmor Klepp og Kari Rygg Fjørstad, som meinar at dei måtte vere to for å fylle skoa til Inger Johanne.
Inger Johanne avslutta i Gamlebanken før folk gjekk kvar til sitt:
- Eg er takknemmeleg for at dette vart ei så fin stund. Det er eit minne for livet. Så sjåast vi med neste Korsvei!