collage som syner hjelpekorpset sin aktivitet denne sommaren

Stadige utkallingar, men ikkje utfordrande å mobilisere

Samhandling på tvers av korps og organisasjonar er ei av årsakene til at det har vore mogeleg å bistå i fleire krevjande aksjonar denne sommaren.

- Vi må vel langt tilbake i tid for å finne ein sommar med så mykje å gjere som vi har hatt her i Aurland i år. Det har vore mykje folk som har brukt mykje fritid på Røde Kors i sommar, seier Stian Loven, leiar i hjelpekorpset til Røde Kors i Aurland.

Aurland Røde Kors er ei av lokalforeiningane som har fått kjenne på trykket. Turistane er for fult attende etter korona, krona er låg og mange har valt Noregsferie. Operativ leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps, Are Bødal ser at det har vore mange oppdrag jamt over i gamlefylket.

- Det har vore oppdrag der turistar har skada anklar eller handledd, og så er det folk som har gått seg vekk og vi må hjelpe dei ned. Vi har og hatt nokon søk- og redningsoppdrag, der det har vorte litt større leiteaksjonar, fortel Bødal.

Stian Loven i Aurland Røde Kors har det same inntrykket, det har vore mykje turistar i fjella, og ikkje alle har vore budd på kva det innebere å ta seg fram i den vestnorske fjellheimen.

- Vi har jo hatt ein sommar med eit litt spesielt og variert vêr. Det har vore blautt og sleipt rundtomkring. Det har vore lett å dette og å bryte ein fot. Og nokon har vore for dårleg kledd rett og slett, fortel Loven.

På ei veke hadde Aurland Røde Kors heile fire oppdrag. Nokon av dei same hjelpekorpsarane har vore med på stort sett alt som har skjedd i sommar.​

Mann i gul vest på fjelltopp med utsikt over fjor
Leiar i Aurland Røde Kors Hjelpekorps, Stian Loven på ein solskinsdag. Foto: Privat

- Vi blir jo satt veldig pris på i alt vi drive med. Dei aller fleste viser veldig stor takksemd, kanskje spesielt dei utanlandske turistane. Dei vert ofte overraska når dei får høyre at dette er på frivillig basis og på dugnad det vi drive med. Dei verte i grunn litt imponert over det vi har her, fortel Stian.

Samhandling på det beste

På tross av stadige utkallingar har det ikkje vore problem å mobilisere mannskap.

- Det har gått fort å få folk på plass. Det trur eg har med at når det først skjer så er folk litt på. Vi får brukt kunnskapen vi har tileigna oss, samtidig som det er eit ynskje om å få heimatt den eller dei som er sakna eller skada, fortel Are Bødal.

Når det har vore større aksjonar, har det vore enkelt å få hjelp frå nabokorps. Ein aksjon i Jølster i slutten av juli deltok mannskap frå heile ni hjelpekorps. Då alarmen nyleg gjekk i Aurland, var det tilsvarande mobilisering.

- Eg synes det er fantastisk at vi har fått eit så godt samarbeid på tvers av alle hjelpekorpsa i Sogn og elles i gamlefylket, og med andre organisasjonar. Det er heilt unikt det samarbeidet, det kjennast spesielt og unikt å vere med på, fortel Stian Loven, leiar i Aurland Røde Kors Hjelpekorps.

Ei stor gruppe hjelpekorpsarar
Ei stor gruppe mannskap frå Stryn Røde Kors, Gloppen Røde Kors, Vikane Røde Kors og Vågsøy Røde Kors bisto politiet i søk etter sakna gut, takka vere samarbeid og god kommunikasjon vart guten funne i god behald. Foto: Eid Røde Kors Hjelpekorps

Krevjande aksjon i krevjande vêr

På same tid som at Røde Kors Aurland var i full beredskap knytt til stormen «Hans» kom ei melding om at ein person hadde falle i Aurlandselva. Når nokon har falle i ei stri elv veit ein at responstida er ein kritisk faktor.

- Eg fekk telefon, eg sette inn fokus på å gjere meg klar og fekk folk til byrje å hente utstyr, samtidig som eg ringte til operativ leiar i Luster og ba han trykke på den store knappen, og få inn alt av mannskap vi har mogelegheit til å få tak i, fortel Loven.

På kort tid var omlag 40 frivillige frå ulike organisasjonar på plass for å bistå politiet og brannvesenet. I tillegg til mannskap frå Aurland Røde Kors var der mannskap med elveredningskompetanse både frå Sogndal Røde Kors Hjelpekorps og Eid Røde Kors Hjelpekorps, samt mannskap frå Lærdal Røde Kors Hjelpekors, Luster Røde Kors Hjelpekorps og Hafslo Røde Kors Hjelpekorps. I tillegg var der mannskap frå Norsk Folkehjelp og Norske redningshunder. Redningsselskapet bidrog også i aksjonen.

Kvinne med Røde Kors vest i vakkert dal-landskap
Bilete frå den tradisjonsrike Aurlandsmarsjen som går ned Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi. Det var i dette området den omtalte redningsaksjonen føregjekk.

- Det er fint når du kan samarbeide, og fordele oppgåver med ein gang, og spele kvarandre gode på tvers, fortel Loven.

Redningsselskapet si redningsskøyta frå Leikanger brukte ein halvtime for å frakte mannskap med elverednings-kompetanse frå Sogndal til Aurland. Ein tur som ville teke fire gongar så lang tid i bil.

- Det var eit fantastisk samarbeid her den kvelden og natta! Eg har nesten ikkje ord for å beskrive kor godt det er å vite at vi har folk rundt oss som stiller opp, sier Loven.

Det vart ein krevjande aksjon der det vart behov for alle som møtte. Det var ikkje mogeleg å komme til med helikopter, og pasienten måtte fraktast fem kilometer nedover ein smal sti i ulent terreng. Stormen herja med sine nedbørmengder, elva brusa og underlaget var glatt. Bereaksjonen var tidkrevjande, og det vart seine nattetimar før pasienten vart sendt med helikopter til Haukeland.

Diverre kom det beskjed dagen etter om at kvinna ikkje hadde klart seg. Det var ein tung beskjed å få, og tankane går til dei pårørande. På same tid er det godt for dei involverte å vite at ein har gjort det ein kan.

- Eg trur absolutt at alle som var med er inneforstått med at med dei ressursane som vi fekk, så kunne det ikkje vore gjort noko betre. Når vi ikkje fekk helikopter, så kunne det ikkje ha vore gjort noko betre enn det som det var gjort her den kvelden og natta. Det var gjort absolutt alt som kunne vere gjort for å redde ho, seier Stian.

Mannskap frå Røde Kors jobbar i mørket
Det vart ein krevjande aksjon i mørket og mykje regn. Foto: Eid Røde Kors Hjelpekorps

Stolt over å vere med i fellesskapet

I tillegg til det gode samarbeidet på tvers av korps og organisasjonar er det to ting Stian Loven trekk fram som viktige suksessfaktorar under ein rednings- eller leiteaksjon. Det eine er lokalkunnskap og det andre er dei som tek eit ekstra tak heime.  

- Det er viktig å få fram alle dei som sit rundt oss. Mange har familie og ungar, og då er du avhengig av godvilje enten frå familie rundt eller besteforeldre, som kan steppe inn og hjelpe til i heimen når noko skjer, seier Loven.

Dei som har ansvaret under ein aksjon tenker heile tida på tryggleiken til mannskapet, og spesielt under røffe vêrtilhøve og utfordrande terreng, som det var denne gongen. Det sit nokon heime som vil ha sine kjære trygt heimatt etter aksjonen.

- Vi som sat i KO hadde heile tida i bakhovuet at det terrenget vi hadde mannskap i er veldig rasutsatt. Det er ein plass vi helst ikkje har lyst å opphalde oss over lengre tid, når det er sånt vêr og sånne forhold, fortel Loven.

Då er det godt å ha med folk som kjenner området som kan gje gode råd.

- Den gjengen som kom frå korpset i Aurland og i frå Brannvesenet i Aurland og den lokalkunnskapen som dei har, er gull verdt. Det same er det om det er i Sogndal eller i Luster det skjer, du er så avhengig av å ha den lokale kunnskapen, seier Loven.

Med 40 frivillige i aksjon i røft vêr og terreng er det ikkje sjølvsagt at det går for seg utan skader. Stian Loven er letta og skryt over den enkelte sin innsats.

- Det fortel om kor flinke dei er dei frivillige og dei folka som var med er. Dei tek godt vare på seg sjølv i tillegg til å gjere det beste for den skada heile vegen. Det er nesten rørande når ein tenker på kor mykje flinke folk vi har med oss i frivilligheita. Eg er utruleg stolt over å få vere med i eit fellesskap med så mykje flinke folk, fortel ein rørt Loven.

Klare for neste oppdrag

I etterkant av ein slik type aksjon er det viktig å setje ord på det ein har opplevd. Røde Kors har gode rutinar for ettersamtale. I dette tilfelle og stort sett etter alle aksjonar samlar ein alle involverte til felles debrief. I tillegg vert det tilbod om ettersamtale dagen derpå, og vidare oppfølging så lenge det er trong for det.

- Eg hadde ein del ferske hjelpekorpsarar som var med denne gangen, og då er det enno viktigare med samtalene i etterkant. Det er sjølvsagt viktig å passe på alle saman, men når du er ny så kan det bli litt andre inntrykk enn for dei som har vore med i 10 år, fortel Loven.

Mann med Røde Kors logo på sekken skuer utover dal
Det har vore mange aksjonar i Aurland denne sommaren. Her frå ein aksjon i Myrdalsområdet.

Etter ei slik oppleving reiser dei involverte tilbake til kvardagen, til jobb og familie, men med utstyret klart og telefonen i nærleiken, tilfelle ny utkalling, som kan komme når som helst. Stian Loven er sikker på at det ikkje tek lang tid før dei må ut igjen.

- Vi er tidleg i august og det er framleis mykje turisme. Det store trykket i Aurlandsdalen og på Rallarvegen er vanlegvis på denne tida. Eg litt spent på seinsommaren og hausten, og korleis dette fortsetjer, fortel Stian.

Eg vil bli frivillig i Hjelpekorpset!