Hjelpekorpsa førebur seg til påskeutfart og topptursesong
Hjelpekorpsa i Luster har eit enormt aksjonsområde å dekke. Gjennom vinteren gjer dei viktige førebuingar for å vere klare for eventuelle aksjonar gjennom topptursesongen og i påska.
Dagslyset har nyleg lagt seg over fjellheimen då fem godt kledde hjelpekorpsarar set seg på kvar sin skuter og tek fatt på den lange turen frå Turtagrø mot Olavsbu. Framfor dei ligg ei åtte timar lang uthaldsprøve i det enorme fjellområdet.
Stort dekningsområde
Turtagrø er dørstokken til 5000 kvadratkilometer med breheim og nasjonalpark. Luster Røde Kors Hjelpekorps og Hafslo Røde Kors Hjelpekorps dekker desse områda. I dag skal dei gjennomføre den viktigaste førebuinga før påskeutfarten, nemleg ein kjentmannstur. Turen og øvinga er så viktig at dei har fått spesialløyve til å køyre gjennom dei mest brukte fjellområda.
Tor Håkon Kilen frå Luster Røde Kors Hjelpekorps køyrer i front. Han har mange turar i Jotunheimen bak seg, og kan trygt kallast kjentmann. Det er likevel viktig å køyre ruta for å vite kvar dei kan ha ein trygg og mest mogeleg effektiv ferdsel, dette endrar seg frå vinter til vinter.
Allereie nokon kilometer inn i fjellheimen kjem utfordringane. Store mengder snø har lagt seg i le-sida, og dermed krev det mykje av både skuter og sjåfør å komme seg opp bakkane. Det snør tett, sikta er dårleg og skuterane grev seg ned i snøen og nokon veltar. Sjølv under desse krevjande forholda, kjem alle seg opp etter nokon forsøk. Å prøve seg på utfordrande bakkar når ein ikkje har tidspress har stor verdi for hjelpekorpsarane.
Færre aksjonar krev meir øving
Talet på aksjonar i vinterfjellet svingar frå år til år. Toppturbølgja har bidrege til auka utfart i fjellheimen og tilbake i 2016 hadde Luster Røde Kors Hjelpekorps omlag 20 aksjonar mellom påske og pinse. Dei siste åra har det roa seg litt og i fjor hadde Luster Røde Kors Hjelpekorps sju vinteraksjonar. Ved færre aksjonar vert behovet for å øve desto større. Operativ leiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps, Bjørn H. Winge seier:
- Ein vert kjent med skuter, terreng og sambandsdekning under aksjon. Uteblir denne erfaringa, må ein halde kompetansenivået høgt på anna vis.
Etter nokon timar på skuter kan ein skimte ei hytte i det fjerne. Det ryk frå pipa og skuterar står parkert utanfor. Norsk Folkehjelp Årdal er på plass og har varma opp hytta. Etter ei matpause på Olavsbu går turen til Leirvassbu. Turen vidare skal gjennomførast saman med gjengen frå Norsk Folkehjelp. Saman sjekkar dei framkomst og sambandsdekning i området.
Hjelpekorpsa i Luster har gode samarbeid både innad i Røde Kors, samt med Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp Sanitet og med politiet, og samarbeidspartnarane er ofte med på desse øvingane og kjentmannsturane.
Betre rusta til påskeutfarten
Vel framme på Leirvassbu er vertskapet opptekne med å klargjere for årets påsketuristar. Hytta har over 3000 gjestedøgn gjennom vinteren og der var nærmare 300 gjestar på påskeafta i fjor. Like mange er venta i år.
Fjellfolket som er venta å komme har i dag betre utstyr enn tidlegare og tøyer gjerne strikken lengre i forhold til utfordrande vêr og terreng. Dette kan føre til meir krevjande aksjonar i dårleg vêr og i brattare terreng enn tidlegare.
Astrid Alme frå Luster Røde Kors Hjelpekorps er ein av dagens skutersjåførar. Astrid set pris på mengdetreninga som ein kjentmannstur gjev.
- Det er viktig å køyre i allslags vêr, både når det er fint og når det er sånn at ein må køyre på GPS. På utrykkingar er det jo oftast dårleg vêr, og då er det jo godt å vere vane med å køyre og å finne fram, seier Astrid.
Gode øvingsmoment
Turen tilbake til Turtagrø går over snødekte knausar, fonner, skrentar, skråhellingar og islagte vatn. Det er generelt lite snø i høgfjellet, og dermed stikk det opp ei busk og ein stein her og der. Til tider er sikta god og til tider ser ein knapt eit par meter framfor seg. Det krev hardt arbeid og konsentrasjon for skutersjåførane. Det byrjar å mørkne då ein kan skimte eit blått vegskilt med tittel Turtagrø som stikk opp frå snøen.
- Det er slitsamt, hardt og lærerikt, seier Hans Kristian Sæta etter åtte timar på scooter.
Dei fem sjåførane Gøril Urdal, Jasper Mattila, Astrid Alme, Tor Håkon Kilen og Hans Kristian Sæta har komt seg trygt attende, og kjenner truleg på kroppen at det har vore ein lang og variert tur. Hans Kristian er nøgd med dagens øvingsmoment.
- I dag har vi opplevd alle moglege vêrtypar, vind, skodde snø, og litt mørkt no på kvelden, så det er bra. Det er ekstremt viktig å øve på å køyre i all slags vêr, seier Hans Kristian.
Vel tilbake på Turtagrø startar jobben med å gjere skuterane klare til neste øvingstur eller aksjon. Ein veit aldri når det kan bli. På spørsmålet om dei er klar om dei vert utkalla og nokon treng hjelp i kveld, svarar Hans Kristian og Tor Håkon unisont:
- Ja, då er det berre å hive seg rundt.
Nyskjerrig på hjelpekorpset og ynskjer å vite meir?
Ynskjer du å bli frivillig, trykk på knappen under.