Eid Røde Kors 100 år
I 100 år har Røde Kors på Eid jobba for dei mest sårbare i lokalsamfunnet. Laurdag inviterte Eid Røde Kors til jubileumsfeiring.
For 100 år sidan var det stor trong for sjukestove på Eid. Det var langt til Florø når det gjaldt å redde liv. Røde Kors vart skipa og det første oppdraget var å opne og drive sjukestove. På denne sjukestova hadde dei høve til å utføre enkel akuttbehandling og sårbehandling, og der var eit par sengeplassar. Behovet var mykje større. 12 år seinare opna sjukehuset på Nordfjordeid, og Røde Kors sitt arbeid fortsatte der. Dei besøkte pasientar og samla inn pengar til utstyr til sjukehuset.
Hjelpekorpset starta opp i 1962. Lensmann Magnus Haugland hadde lite bemanning og trengte hjelp når det kom til mellom anna ettersøk. Han tok initiativ til å starte hjelpekorpset og vart leiar der.
– Røde Kors handlar om å sjå humanitære behov og starte opp tiltak for å hjelpe. Det gjorde Eid Røde Kors for hundre år sidan, og det gjer Eid Røde Kors i dag, sa distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Synøve Sande i si tale under jubileumsfesten.
Eid Røde Kors i dag
Under feiringa fekk ein høyre fleire historier om kva Røde Kors på Eid har bidrege til og bidreg til i dag. Det vart fortalt om nokre av hjelpekorpset sine redningsaksjonar og om spesialgruppene innan elveredning og tauredning, og korleis dei har bidrege til å redde liv – til både folk og fe. Leiar for Omsorg, Toril Olesrud Fjørtoft fortalte om alle dei vekentlege, månadlege og årlege arrangementa og tiltaka som vert gjennomført på Eid, for å hindre og lindre naud og liding.
Røde Kors står sterkt på Eid, grunna krafta og engasjementet til dei frivillige. Synøve Sande sa i si tale:
– Eldre og einsame får kvar veke besøk av omsorgsfulle rødekorsarar, hjelpekorpsarar hjelper folk ned frå fjellet, leitar etter sakna og står vakt under kultur- og idrettsarrangement, og bidreg til tryggleik. Her på Eid er det også eit aktivt RØFF-lag, fylt av unge lovande, som er framtida vår.
Alle delar av organisasjonen samarbeidar om å vere på vakt og om å trå til under uønska hendingar. Samarbeidet mellom Omsorg og Hjelpekorps er viktig og til jul gjekk hjelpekorpsarar og frivillige i omsorgsgruppa saman og pakka matkasser til 174 hustandar. 174 familiar fekk ei betre jul takka vere innsatsen til Røde Kors på Eid.
– Eid Røde Kors har mykje å vere stolte av, og Stad kommune har mykje å vere takksame for, sa ordførar Sigurd Reksnes då han talte til forsamlinga.
Heider
Eid Røde Kors nytta jubileumsfesten til å heidre sine einge.
– Personane som i dag blir heidra har over mange år gjort ein spesiell innsats for aktivitetane våre, som er å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding. Desse personane bidrar på kvar sin måte til at Eid Røde Kors er ein robust beredskapsaktør i Stad og resten av landet, sa Dag Sætren, leiar i Eid Røde Kors før utdelinga.
Jorunn Grov, Else Haavik, Rigmor Naustdal, Jens Petter Haavik, Unni Kiviranta, Sølve Kivirant, Øystein Heimsæter, Øystein Torheim og Peder Jacobsen fekk tildelt Røde Kors fortenestediplom med nål.
To av desse rakk knapt å ta innover seg heideren og gratulasjonane som fylde, før dei vart kalla opp på scena igjen.
Distriktsleiar Synøve Sande sto klar med to medaljer og landsrådsmedlem Gunnar Halstadtrø haldt klar to store diplom. Unni og Sølve Kivranta vart heidra med Noregs Røde Kors hjelpekorps sin fortenestemedalje. Begge har bidrege strekt på lokalt-, distrikts- og nasjonaltnivå innan sine fagområder. Dei har også vore viktige bidragsytarar til å lære opp nye hjelpekorparar lokalt og i distriktet.
– De kom begge inn som eit friskt pust i Eid Røde Kors Hjelpekorps i 2011. Begge to har bidrege som engasjerte frivillige i hjelpekorpset, med stor administrativ kapasitet. Begge har utvikla seg til sterke faglege ressurspersonar i organisasjonen, der den ene har utvikla seg mest innan fagområdet vatn med elv som spesialitet, og den andre innan fagområdet ettersøk, sa distriksleiar Synøve Sande då ho delte ut medaljane.
Klare for 100 nye år
Hundrevis av omsorgsfulle medlemmar og frivillige fylte Valhall for å feire Eid Røde Kors denne laurdagen. Menneske som har via livet sitt til å vere i beredskap og til å hjelpe andre. Kvifor gjer vi det her?, spurde leiar i Eid Røde Kors, Dag Magne Sætren frå talarstolen, og svarte seg sjølv:
– Det er fordi det gjev oss noko meiningsfult tilbake.
Vidare skisserte han ei mogeleg utvikling i samfunnet, der det truleg kjem fleire pandemiar, klimaendringar, tekniske samanbråt, samt integrerings- og omsorgsbehov. Det vert fleire eldre og det vil bli dyrare å drive offentlege verksemder. Frivillige vil måtte ta meir ansvar.
Det er tydeleg at det vil vere behov for Eid Røde Kors i framtida, og det er all grunn til å tru at Røde Kors på Eid vil vere ei aktiv og engasjert lokalforeining i minst 100 år til.