- Det er berre fem dagar, men det skulle vore ein månad.
Denne sommaren får omlag 300 barn og vaksne delta på fem dagar med aktivitet og glede på Ferie for alle på Haugland.
- Vi ventar heile året på denne turen. Det hadde ikkje blitt noko anna ferie, det kostar for mykje, seier Zohor.
Det er tredje gang Zohor og familien er på Ferie for alle på Haugland. Zohor er aleine med fem barn. Ferieleiren har alt det barna treng og det ein god ferie skal innhalde, kjekke aktivitetar, familie og gode vener.
- I mai byrjar barna å spør om vi har fått plass, dei spør igjen og igjen, fortel Zohor.
Zohor set pris på at det er uteaktivitetar, der barna får utfordre seg og at dei mellom anna får øve seg på å svømme.
- Det er bra for barna å vere ute å leike. Det er veldig kjekt for barna, men det er kjekt for meg også.
Røde Kors i Sogn og Fjordane arrangerer tre leiropphald kvar sommar, og to leiropphald på vinteren. Zohor er lukkeleg for at dei fekk vere med, sjølv om dei har vore med tidlegare.
- Her møter dei andre og får gode vener, det gjer både meg og barna glade. Å berre sitte heime er kjedeleg.
Dei frivillige er med i aktivitet og passar på at alle deltakarane får med seg viktige beskjedar og bidreg til tryggleik i aktivitetane. Zohor set stor pris på å bli kjent med både andre deltakarar og dei frivillige frå Røde Kors.
- Alle her er snille og hjelper meg med barna, seier Zohor.
Eigne aktivitetar for ungdom
Zohor sin eldste son, Altaib (16) er veldig glad for å vere på leir.
- Det er kjempekjekt. Ein blir kjent med folk frå andre stadar og får nye vener, seier Altaib.
Det er lagt til rette for eigne ungdomsaktivitetar på kveldstid, som bingo, SUP-padling og rapellering.
- Vi gløymer telefon og sosiale medium for alt er så gøy, fortel han.
Avhengig av frivillige
Dei siste åra har det vore utfordrande å få tak i nok frivillige til å arrangere Ferie for alle. Fleire tiltak har vore gjennomført for å rekruttere nok folk til å bidra frivillig. Dette har vore vellukka og har resultert i ein del nye dette året. Nokre kjem att år etter år og har det som sommartradisjon å vere med å bidra på Ferie for alle.
Arne Dale er distriktsrådsleiar i Omsorg i Sogn og Fjordane Røde Kors og er frivillig på Ferie for alle for første gang. Han har vore innom leiren fleire gongar tidlegare, men det er første gang han er med ei heil veke.
- Eg syns det er kjempekjekt. Vi veit jo at ungane kjem tilbake frå ferie og får spørsmål om kva dei har gjort i ferien. Så det å få ei oppleving og å fortelje om at dei mellom anna har padla kano og køyrd tube er viktig. Det gjev meg glede å bidra til det, fortel Arne.
Det er fleire styrmedlemmar i distriktsråd Omsorg bidreg som frivillige på Ferie for alle denne sommaren.
- Utfordringa er jo at det ikkje går utan frivillige. Vi ynskjer oss fire leirar, og kanskje ein haustleir, men då er vi avhengige av fleire frivillige, seier Arne.
92 familiar har søkt om plass på Ferie for alle i sommar. Det er omlag 100 barn og vaksne som ikkje fekk tilbod om å vere med på leir i år, grunna mangel på kapasitet.