Butikken der alt er gratis.
Det som starta som et tiltak for nyankomne flyktningar i Askvoll, har blitt eit populært tilbod for lokalsamfunnet.
Det er mandag, klokka er fem på fem og det har byrja å samle seg folk i gangane og i trappa utanfor lokalet der Askvoll Røde Kors og Frivilligsentralen har satt opp bruktbutikk. Nokre har med store sekkar fylt med klede og leikar, medan nokre kjem tomhendt på jakt etter noko dei har bruk for.
- Det har komt folk heilt frå Førde og Hyllestad hit, fortel lokalforeiningsleiar i Askvoll Røde Kors, Vigdis Løberg.
Butikken skulle vere stengt i sommar, men mandagar klokka fem sto folk klare utanfor døra. Feriefolk og andre ynskja å besøke butikken der alt er gratis
- Det heile starta som eit tiltak til våre nye landsmenn, men vi ser at folk i Askvoll og omegn har blitt veldig flinke til å bruke den også, fortel Vigdis.
Samarbeid er nøkkelen
Askvoll kommune har dei siste to åra teke i mot 125 flyktningar. Kommunen fekk ein stor jobb når det kom til å ta i mot og integrere alle som kom til vesle Askvoll, ein kommune med 2986 innbyggarar i heile kommunen og 600 i kommunesenteret Askvoll. Kommunen og Flykningtenesta kjente på eit trykk og ba Røde Kors om hjelp.
I tillegg til språkkafé og andre møteplassar for dei nye kom tanken om å starte gratis-butikk, der dei nye innbyggarane kunne kome å hente det dei treng. Om kvar av oss gjev litt kan vi saman få til mykje, tenkte Vigdis. Og sanneleg hadde Vigdis rett.
- Eg er imponert over folk i Askvoll som gir, seier Vigdis.
Gratisbutikken vart eit fellesprosjekt for Askvoll Røde Kors og Frivilligsentralen. Med seg fekk dei Svitlana Bihus , som ryddar og organiserar. Vigdis fører statstikk. Mellom januar og juli har 546 personar har vore innom og det er omlag 20-30 innom kvar gong det er ope.
Viktig møteplass
I tillegg til å vere ein stad for å levere eller å ta med seg leikar og klede, har gratisbutikken blitt ein møteplass. Det er alltid kaffi og te, og nokon gongar noko å bite i. Ein Vippse ein liten sum til Askvoll Røde Kors for kaffi, eller Vippse dersom ein er fornøgd med det ein har funne og vil støtte tiltaket og lokalforeininga.
Svitlana har fått med seg ein gjeng frivillige frå Ukraina. Det er med to-tre frivillige kvar mandag. Dei tykkjer det er så kjekt at dei ville halde det opent gjennom sommaren. For dei frivillige er dette god norsktrening.
I kaffikroken går praten lett, litt på ukrainsk og litt på norsk. Dei som kjem innom tek seg ein kopp kaffi og ein liten prat.
Koppar og dekketøy er gjenbruk, kjøpt inn frå bruktbutikk. Det var ikkje tydeleggjort at desse ikkje var gratis, så nokre har teke vegen ut av butikken.
Meir inn enn ut
Sekk etter sekk kjem inn døra. Denne mandagen har det blitt lagt ut beskjed på Facebook med ynskje om fleire leikar. Det kjem posar og sekkar med bamsar og leikar. Matviy, 6 år er med mor og bestemor, han druknar omlag i alle bamsane.
- Han ynskjer å ta med alle, seier mor Katharina.
Inntrykket er at det kjem inn meir klede og leikar enn det fær ut. På bakrommet har Svitlana og Vera Boiko fult arbeid med pakke ut det som kjem inn.
Bodil Holmelid er ei av dei som har bidrege med klede til gratisbutikken. Også denne dagen har ho med seg ein sekk.
- Eg har ein sekk på vaskerommet der eg puttar klede som har blitt for små, når den er full tek eg den med hit, fortel Bodil.
Også Bente Dalsøren har med ein sekk med klede. Bente finn seg også ein topp, som til og med har lappen på.
- Det er så kjekt å levere inn klede, for då veit vi at det blir brukt, seier Bente.
Lokalbefolkninga er også med på dette samarbeidet, Om ikkje folk hadde levert inn klede og leikar, hadde det ikkje vorte butikk.
- Det er kjekt å sjå at lokalbefolkninga også brukar butikken. SFO har vore innom å henta dukke- og utkledningsklede og nokon kjem for å sjå etter stoff til syprosjekt, fortel Vigdis.
Også Vigdis finn eit skjørt, som kan passe perfekt til eit pianospelande barnebarn, etter litt omsying.
Eit par timar kvar mandag, kommunen sitt lokale, tre driftige organisartorar, 12-13 flinke frivillige og ei raus lokalbefolkning er det som skal til for å drifte denne gratisbutikken. Og ei mengd med klede og leikar som kunne teke vegen til bosset eller til eit «klesberg» ein eller anna stad i verda, men som kjem til nytte i ein ny heim og kan varme ein ny kropp. Det er berekraft det!
Sjå video frå gratisbutikken.