Gruppe menneske, nokre med Røde Kors-jakke. Vis bildetekst
Frivillige hjelparar: Frå venstre: Eva Øverås Jensen, Kristoffer Myren Teigene, Efrem Woldegeorgis Bekele, Gziawi Habtemariam Habteslasie, Foad Sabagh, Janne Linn Myren, Saba Berhane, Grethe Kroppan og Trond Teigene.

Matkasser til dei som treng det mest

Jula skal vere familietid, god mat, gåver og glede, men slik er det ikkje for alle. Flora Røde Kors sørger for at dei papirlause flykningane i sitt lokalområde får noko å glede seg over i jula.

På eit bakrom på Rema 1000 i Florø står 25 kasser klare til å fyllast med mat. Maten skal sikre ei litt betre jul for dei som har minst. På kort tid dukkar det opp frivillige, både raudkledde Røde Kors-frivillige, og andre frivillige som ynskjer å gjere noko godt for dei som har det vanskeleg i lokalsamfunnet.

Flora Røde Kors har i samarbeid med Norges Røde Kors og Sogn og Fjordane Røde Kors eit prosjekt for å betre kvardagen til dei papirlause flyktningane på Solbakken Asylmottak. Før jul i fjor kunne leiar for Omsorg i Flora Røde Kors, Saba Berhane gje flyktningane ei gladmelding, dei skulle få matkasser, gåvekort på Amfi-senteret og Flora Røde Kors skulle arrangere julefest.  

«I dag ynskjer vi å gje dykk ei pause, ei pause frå bekymring og vanskelege situasjonar. Ei pause frå stress. Ei pause frå frykt» skreiv Saba til flyktningane.

- Det er første gang vi har fått matkasser sidan eg kom hit. Det er veldig fint og eg vil sei tusen takk. Vi er veldig glad for det, sa Gziawi Habtemariam Habteslasie, ein av dei papirlause flyktningane på Solbakken.

Då Sparebank 1 Sogn og Fjordane gav ei gåve på 50 000 kroner til Flora Røde Kors sitt arbeid for vanskelegstilte i Florø, fekk lokalforeininga høve til gje tilsvarande tilbod til flyktningane også dette året. Dermed kunne Saba også i år gje den gledelege meldinga om at dei papirlause flyktningane skulle få matkassar til jul.

hks
Mange var i sving då det vart pakka 25 matkasser til papirlause flyktningar i Florø.

Hjelper kvarandre

Bakrommet på Rema 1000 er denne kvelden gjort om til ein slags nisseverkstad for gode gjerningar. Saba organiserar og med seg har ho gode hjelparar. To av dei som meldte seg til å bli med å pakke matkassar var Efram Efrem Woldegeorgis Bekele og Gziawi Habtemariam Habteslasie. Dei er begge papirlause flyktningar som bur på Solbakken.

- Det er bra å kunne hjelpe. Det er einaste sjans vi har til å hjelpe kvarandre, seier Efrem.

Ein familie frå Florø på tre har også møtt for å pakke. Far i familien, Trond Teigene er administrerande direktør i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, men han er med å hjelpe til som privatperson.

- Vi er med fordi vi er vener av Saba, men vi har lenge tenkt på at vi ynskjer å hjelpe til som frivillige i Røde Kors, seier mor i familien, Janne Linn Myren.

Son Kristoffer tykkjer det er fint å vere med å bidra.

- Det er bra å hjelpe til i høgtida, så alle får ei fin jul, seier Kristoffer.

Kvinne med raud vest organiserer matkasseutleveringi
Saba Berhane (t.v. i raud vest) organiserer og har med seg gode hjelparar.

3000 kr å leve for i månaden

Fire flasker oppvasksåpe, tre flasker handsåpe, tre kanner med matolje, pasta, mjøl og ris. Det er kanskje ikkje typisk julemat som hamnar i kassene. Saba har liste og leser opp matvare for matvare, medan hjelparane tel og plasserar.

- Dette er mat som skal vare lenge, seier Saba.

Dei 25 kassene skal til 25 personar eller familiar. Flyktningane på Solbakken bur på eit rom på 2-3 kvadratmeter og dei deler eit lite kjøkken med sju andre. Dei papirlause flyktningane får 3000 kr i månaden å leve av. Dette skal gå til mat, klede, legebesøk og medisinar.

- Dei som er papirlause har ikkje rett på jobb og har veldig lite pengar, nokon av dei har budd her i 15 år, fortel Saba.

Flora Røde Kors har tilbod til andre vanskelegstilte i Flora. Mellom anna delast det ut gåvekort til barn som lev i familiar med utfordrande økonomi. Flora Røde Kors arrangerer også julefest for alle på asylmottaket.

Mann står i julepynta rom. Kommuniserer med anna mann.
Gziawi og Efram held oversikt og sørger for at matkassene kjem til riktig kjøleskap.

Eva Øverås Jensen er frivillig i Flora Røde Kors, men har jobba på Solbakken asylmottak i mange år og kjenner situasjonen til dei papirlause flyktningane godt.  

- Når dei får matkasser, kan dei bruke pengane på noko anna no i jula, seier Eva.

Kassene vert pakka i bilar og køyrd til Solbakken asylmottak. Der står fleire frivillige klare til å få overlevert kassene til dei som skal motta. Nokre har sjølv møtt opp for å hente maten. På asylmottaket er eit opphaldsrom som Røde Kors har bidrege til å møblere og som er fint pynta til jul. Etterkvart fyllast rommet med mat i kasser. Det kjennast som sjølvaste julekvelden når ein kan sjå smila på dei som har møtt opp for å motta matkasser.

- Det er veldig fint å sjå dei smile, det er takk i seg sjølv, seier Saba, som har brukt uttallege timar på å planlegge og organisere både matkasseutdeling og julefest for asylmottaket.

Efrem og Gziawi finn fram trillebårer og hjelper dei som er eldre med å køyre maten til romma. Dei jobbar på i eit rivande tempo, og maten forsvinn ut av rommet like fort som den kom inn. No har maten fylt opp elles så tomme kjøleskap og vil mette i lang tid framover.

Kasser med olje, mjøl og såpe
Matkasser på veg til å fylle tomme matskap.

Kan glede familien

Efrem har budd i Noreg i 15 år, han har kone og tre barn i Bergen. Familien har opphald i Noreg, men Efrem fekk endeleg avslag på sin søknad. Han snakkar med barna sine på telefon tre gongar for dagen. Han hjelper dei med lekser og les nattahistorier på norsk over videosamtale. Efrem fortel om barna og kvardagen, på stødig norsk.

- Vi ringer, dei gråter og saknar kvarandre, seier Efrem. 

Dei møtast sjeldan, reisa til Bergen er dyr.

- Dei kjem hit i feriar, men eg kan ikkje reise dit. Eg veit at min situasjon ikkje er så normal, fortel Efrem.

Efram set pris på den støtta som Røde Kors gjev han. I tillegg til aktivitetar og matkasser har han og dei andre papirlause flyktningane fått hjelp til legebesøk, tannhelsesjekk og skyss i form av busskort. Matkassa i år kom på eit kjærkomment tidspunkt for Efrem.

- Familien kjem til helga og no har eg ingrediensar til å lage mat til dei. Ungane seier at dei saknar pappa sin mat, fortel Efrem.

To rødekors-frivillige sit på kvar si side av ein flyktning. På golvet står matkasser
Eva (t.v) Efrem og Saba er nøgde med dagens innsats.

Lokalet på Solbakken tømmast. Ein etter ein kjem bort til Saba og Eva for å takke. Ei tydeleg rørt kvinne kjem bort og bukkar og legg hendene mot hjarte medan ho seier.

- Tusen takk, tusen takk. God jul, god bless you.

Lokalet tømmast og igjen sit Saba og Eva og to matkasser. Den eine matkassa var pakka og tenkt til ein som nyleg og utan varsel har blitt sendt heim til der han kom frå, og truleg vil få ei litt anna jul enn venta.  

Vil du bidra til å gjere jula betre for dei som treng det? 

Støtt vår julespleis for barn.