- Det burde vere obligatorisk å ha RØFF-lag
Nasjonal RØFF-camp i Luster samla ungdommar frå heile landet for å lære om førstehjelp, friluftsliv og beredskap – og for å ha det kjekt i lag.
- Eg har fått mange nye vener. Vi møtte dei same folka som på RØFF-campen for to år sidan og det var veldig kjekt å møte dei igjen, seier Eyvin Nordstrand Bøkenes frå RØFF i Lærdal.
Nasjonal RØFF-camp vert arrangert annakvart år. Denne gangen inviterte Luster Røde Kors og Sogn og Fjordane Røde Kors til leir, på vegne av Landsråd Hjelpekorps. 170 ungdommar og vaksne kom frå 10 ulike RØFF-lag. Leirsjef Jon Atle Sagebø-Rise er ein av mange frivillige som har stått på, laga klar campen og lagt til rette for ei rekke aktivitetar.
- Det er fantastisk stemning, folk er veldig glad for å vere på leir. Å vere på leir med Røde Kors på sommaren er noko heilt unikt, fortel leirsjef Jon Atle Sagebø-Rise.
Viktigare enn nokon gong
President i Røde Kors, Siri Hatlen opna campen på onsdag. Til leirdeltakarane sa ho:
– Beredskap er noko som blir viktigare og viktigare i dagens samfunn. Det handlar om mange forskjellige ting, om alle endringane som skjer rundt oss og om alt som endrar seg med vêret og klima. Og med det bakteppet er denne campen kanskje viktigare enn den nokon gang har vore. Og de som er her, håpar eg kjem til å vere med i veldig lang tid framover, i hjelpekorpset, eller å bidra med andre oppgåver.
Fleire av aktivitetane på leiren var i tett tilknytning til Røde Kors-frivillige sine oppgåver under uønska hendingar. Ungdommane fekk øve på ulike søk- og redningsmetodar, på hjarte-lunge-redning og anna form for førstehjelp.
Sosialt fellesskap
RØFF står for Røde Kors friluftsliv og førstehjelp og er for ungdom mellom 13 og 18 år. I RØFF får ungdommen kunnskap om førstehjelp og ferdsel i naturen og det er ein fin arena for dei som ynskjer eit spanande og aktivt fritidstilbod. RØFF er også ein viktig sosial arena.
Eyvin starta i RØFF i Lærdal for to år sidan og no er han med i distriktsråd Ung i Sogn og Fjordane. Han trudde ikkje RØFF var noko for han, men så vart han hekta. Han ser kor viktig RØFF er for ungdommen i heimbygda.
- Det gjev eit fellesskap, og noko å gjere på i kvardagen. Det burde vere obligatoisk å ha RØFF-lag! seier Eyvin.
Framtida sine hjelpekorpsarar
I RØFF kan ein vere med på ulike aktivitetar nært knytt til det å vere med i Røde Kors Hjelpekorps og kan fungere som ein rekrutteringsarena for Hjelpekorpset. Hjelpekorpsa i dei lokalforeningane der det er RØFF-lag opplev større tilkomst av unge.
- Hjelpekorpset tener på å ha eit RØFF-lag med engasjert ungdom, seier Eyvin.
Eyvin er 15 år og har allereie dei kursa han treng for å bli godkjent hjelpekorpsar. Han kan delta på øvingar og sanitetsvakter som aspirant, men ventar han på å bli gammal nok til å bli godkjent hjelpekorpsar når han blir 18. Først då kan han delta på aksjonar.
- Eg har tatt kurs i kvalifisert samband, kvalifisert søk og redning barmark og vinter, samt førstehjelpskurs. Og så har eg tatt lappen på snøscooterar, fortel Eyvin.
Det er fleire i Lærdal Røde Kors som har gjort som Eyvin og er klare for å bidra i søk og redning når dei vert gamle nok.
Sommarminner
I tillegg til typiske Røde Kors-aktivitetar innan søk og redning og førstehjelp fekk ungdommane prøve seg på ulike aktivitetar som juving, brevandring, havrafting, fisking og bading. Det var også fjelltur for alle til Molden, med vakker fjord- og fjellutsikt. Det var også kjekke aktivitetar på kveldstid, konsert og DJ – og mykje bading.
- Det kjekkaste har vore å bade og å bli kjent med nye folk, fortel Amalie Kimsås frå Sandnes Røde Kors.
Ungdommane reiste heim frå camp med nye vener, gode sommarminner og livsviktig kunnskap om førstehjelp og friluftsliv.
Les meir om RØFF her.
Sjå stemningsvideo frå leiren: