Saman om sommarfest for eldre i Jølster
Sommarfesten for eldre i Jølster har lang tradisjon, men festen har ikkje vore arrangert sidan korona. Heile Jølster Røde Kors har bidrege for å få i gang att denne verdifulle festen.
Store smil, rullatorar, pent pynta eldre og raudkledde frivillige fyller Kyrkjesenteret denne elles så gråe Jølsterdagen. På kjøkenet putrar rømmegrauten medan oppgåvene vert fordelt mellom dei frivillige.
– Det er eit utruleg viktig arrangement. Det er mange som sit aleine heime i stova og har gleda seg til å kome, sier Einar Hansen i Jølster Røde Kors Hjelpekorps.
Tradisjonsrik fest
Omsorg, Hjelpekorps og lokalforeiningsstyret i Jølster Røde Kors samarbeidar om å arrangere sommarfest for eldre heimebuande og eldre i omsorgsbustadane i Jølster.
– Om ikkje alle hadde hjelpt til så veit eg ikkje om dette hadde gått, seier Else Drageset, leiar i Jølster Røde Kors Omsorg.
Hjelpekorpsar Einar Hansen rører i rømmegrauten medan lokalforeiningsleiar Inge Erikstad serverer. Til saman bidreg 18 frivillige med å lage og servere mat og kaker og å rydde og vaske opp, og ikkje minst å prate med dei som deltek.
– Vi er eit Røde Kors. Hjelpekorpset er med å bidra slik at sommarfesten vert gjennomførbar, og Omsorg er med å hjelpe til under aksjonar, fortel Einar.
Jølster Røde Kors har tidlegare synt at dei er gode på samarbeid. I 2019 gjekk fleire jordras etter eit valdsamt styrtregn. På kort tid satte Jølster Røde Kors opp evakueringssenter, der dei sto for mat og støtte til dei som var råka.
God prat attåt
Kjellaug Grimsbø og mannen Olav Grimsbø har tidlegare vore med å arrangere festen, men i år er dei gjestar. Kjellaug har vore frivillig i Røde Kors i mange år, og har vore leiar for Omsorg på Jølster.
– No er det heldigvis nye krefter som tek over og det er veldig kjekt å sitte og berre vere med, så no skal eg kose meg og nyte, fortel Kjellaug.
Det å komme seg ut å treffe gamle kjente er godt. Sommarfesten samlar eldre frå heile Jølster. Tradisjonen er rømmegraut, underhaldning, kaker og kaffi.
– Rømmegrauten var god, og det var god prat attåt, det er veldig viktig, seier Kjellaug.
Sjå video frå sommarfesten: