24-11-Treffpunkt-Fjaler-3topp Vis bildetekst
Marni May Rintler (f.v.), Amalia Dyvik og Lea Bjerke Laborie er frivillige i Treffpunkt Fjaler. Marni er lokal medan dei to andre er elevar på UWC.

Treffpunkt Fjaler – ein møteplass for lokal og internasjonal ungdom

Fjaler Røde Kors har i samarbeid med United World Collage Red Cross Nordic (UWC) starta Treffpunkt for lokal ungdom og elevar frå den internasjonale skulen.

Lukta av nystekte pepperkaker, livleg prat og latter fyller lokalet Studio Nova i gamle kommunehuset i Dale. Rundt 25 ungdom frå heile verda er samla og praten går lett, på engelsk.

- Eg synest det er bra for Dale og miljøet her å få betre kontakt med ungdommen frå UWC. Det som er framand kan jo vere litt skummelt. Det er veldig bra at vi har ein felles møteplass og kan skape sterkare band, for vi er i same aldersgruppe, fortel Marni May Rintler, som er frå Dale og er ein av dei frivillige.

Treffpunkt er ein lågterskel møteplass der ungdom kan bli kjent med andre ungdom og å skape relasjonar gjennom ulike aktivitetar. Då UWC starta med Treffpunkt-aktivitetar kopla frivillige i lokalforeininga i Fjaler seg på. Kari-Mette Knappskog såg eit potensial til å skape ein møteplass mellom dei lokale og dei internasjonale, men også eit tilbod med aktivitetar for lokal ungdom.

- Det finst ikkje tilsvarande tilbod i Fjaler, det er mange som driv med idrett, men ein treng eit tilbod som passar for alle, fortel Kari-Mette.

Ungdom bakar pepperkaker
Det var stort oppmøte då Treffpunkt Fjaler inviterte til pepperkakebaking.

Inkluderande aktivitetar

I Fjaler er det mange unge tilflyttarar, nokre bur på hybel og omlag 200 ungdom frå heile verda bur på den internasjonale skulen United World Collage Red Cross Nordic (UWC) på Haugland. Alle treng aktivitet og ein stad å møtast.

Kari-Mette Knappskog i Fjaler Røde Kors er oppteken av at Treffpunkt skal vere ein møteplass for lokal ungdom, også når UWC har ferie. 

- Det må vere eit tilbod for ungdommen, sjølv når dei frå UWC ikkje er her. Vi inviterer også ungdommar frå nabokommunane Askvoll og Hyllestad, fortel Kari-Mette.

Treffpunkt tilbyr varierte aktivitetar med låg terskel for alle i aldersgruppa 13 – 19 år. Det har mellom anna vore arrangert Halloweenfest, quiz og karaoke. Tanken er å fortsetje med aktivitar både i Dale og på Haugland, der UWC er lokalisert.

- Vi planlegg kayakkpadling og pizzabaking på UWC. No har vi fått med lokal ungdom som kan kome ut dit, og vi har fått midlar til å dekke utgiftene til transport, fortel Hilde Genberg som er Røde Kors-koordinator ved UWC.

Ung gut baker pepperkaker
- Eg set pris på å møte lokal ungdom og å vere med å forme eit fellesskap, fortel Hugh Goulson, som er førsteårsstudent på UWC.

For ungdom med ungdom

Ungdommar både frå UWC og frå Dale er frivillige i Treffpunkt Fjaler. Dei har vore på Treffpunkt-kurs og dei skal etterkvart få meir ansvar når det kjem til å planlegge og arrangere aktivitet.

- Eg er glad i folk og er ein inkluderande person. Så då er det fint å få noko slikt, der ein kan få alle med, seier Marni, som er elev ved Dale Vidaregåande skule.

Treffpunkt i Fjaler skal etterkvart vere styrt av ungdommen, men med nokre vaksne som rådgjevarar. På nyåret skal det etablerast eit ungdomssråd, som mellom anna skal ha ansvar for å drive aktiviteten.

- Treffpunkt er frå ungdom med ungdom. Det er det som er kjekt med det, det er ungdommar som har lyst å vere sosiale og har lyst å bli kjent med nye, frå heile verda, fortel Lea Bjerke Laboire som er elev ved UWC og er frivillig på Treffpunkt i Fjaler.

Frivilligheit på timeplanen

Humanitært arbeid og frivilligheit er ein av UWC sine tre grunnpilarar. Skulen har eit tett samarbeid med lokalt Røde Kors og med Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, som ligg like ved sidan av.

- Det er mange UWC-elevar som har stor glede av å vere med i Røde Kors og i frivillig arbeid. Vi får vere med der å hjelpe og vi lærer kvifor det er viktig at vi hjelper og kvifor frivillig arbeid er basis i Røde Kors, fortel Lea.

Elevane er engasjert i frivillig arbeid gjennom året, både i Treffpunkt, på rehabiliteringssenteret og nyleg var mange av dei frivillige då Røde Kors arrangerte Ferie for alle-leir for familiar i haustferien.

Å vere frivillig i Treffpunkt gjev mogelegheit for studentane å møte og samarbeide med lokal ungdom.

- Det er kjekt at ungdommen har lyst å vere sosiale og har lyst å bli kjent med nye, frå heile verda. Eg tenker det er viktig for lokalbefolkninga, men også for skulen. At elevar på skulen som ikkje er norske, faktisk får oppleve norsk kultur, og prøve ulike aktivitetar som til dømes pepperkakebaking, seier Lea.

Jente og gut baker pepperkaker
Stemninga er god når ungdom i Fjaler møtast til pepperkakebaking.

Bake og sosialisere

Denne torsdagen er det peppekakebaking som står på programmet. Det er ei god blanding av lokale og internasjonale ungdommar som bakar pepperkaker og pratar om alt frå juletradisjonar til humanitære utfordringar. Nye kjennskap og vennskap formast like fort som peppekakene blir bakt ut og sette i omnen. 

Det er akkurat det som er Treffpunkt – å danne møteplassar der ein kan skape relasjonar og å vere seg sjølv.

- Det er fantastisk at Røde Kors kan bidra til å skape denne møteplassen, å bidra med ressursar for å få dette til. Vi er veldig takknemmeleg for at Treffpunkt finnast som program og at vi får lov til å nytte oss av det, seier Lea Bjerke Laboire.